STÅR SAMAN: Det har ikkje hindra oss frå å stå saman om det viktigaste - frimod til å forkynne trua på Jesus Kristus, skriv kyrkja i Sogndal i ei felles uttale.
STÅR SAMAN: Det har ikkje hindra oss frå å stå saman om det viktigaste - frimod til å forkynne trua på Jesus Kristus, skriv kyrkja i Sogndal i ei felles uttale. (Arkiv)

MEININGAR

Meiningar: – Det har ikkje hindra oss frå å stå saman om det viktigaste

– Det har ikkje hindra oss frå å stå saman om det viktigaste - frimod til å forkynne trua på Jesus Kristus, skriv dei tilsette i Sogndal kyrkje i ei uttale.

Meiningar: Etter mykje uro i ulike media dei siste dagane, har dei tilsette i kyrkja i Sogndal vore samla til ein open og ærleg samtale.

Det har vore og er ei krevjande og trasig sak for oss, og konsekvensane med utmeldingar og uro gjer oss vondt.

Me har alltid hatt eit ynskje om å vere ei open, inkluderande og raus kyrkje til beste for kyrkjelydane i Sogndal. At alle skal kjenne seg velkomne i kyrkja er viktig for oss.

Les óg: Folk heng seg opp i person og ikkje sak i debatten om uttalelsane til Bruun: – Ein gjer karakterdrap

– Står saman om det viktigaste

På dei fleste arbeidsplassar er det tilsette med ulike meiningar og ståstader. Slik er det også i kyrkjestaben i Sogndal.

På dei fleste arbeidsplassar er det tilsette med ulike meiningar og ståstader.

Det har ikkje hindra oss frå å stå saman om det viktigaste - frimod til å forkynne trua på Jesus Kristus. Me har som mål å drive vidare eit godt kyrkjelydsarbeid som me har lange og gode tradisjonar for.

Til tross for ulike meiningar har me hatt eit godt samarbeid og eit godt arbeidsmiljø. Dette håpar me at me framleis skal ha.

– Ytringsfridomen skal stå sterkt

Ytringsfridomen står sterkt i Noreg, og slik skal det vere. Me vil likevel beklage overfor alle dei som kjenner seg såra og uroa etter dei ytringane som har vore den siste tida.

KRITISK: Det er fleire kvinnelige prestar i Sogn prosti. Likevel vurderer Mikael Bruun å slutte som prest om han må samarbeide med kvinnelige kollegaer. Foto: Bjørn Sølsnæs/Sogn Avis

Me har også lyst å seie at me alle er stolte av og glade i den kvinnelege presten me har i staben, og også inderleg glad for at me har fleire kvinnelege prestar i prostiet.

Me ynskjer eit tett og godt samarbeid med alle uansett kjønn.

Ta gjerne direkte kontakt med ein av oss, i staden for å la diskusjonen og ytringane gå via sosiale media eller i aviser.

Me er glade i bygdene og kyrkjelydane våre, og ynskjer alt det beste for dei.

Til toppen