MJUK MANN: Politikar Christen (V) Knagenhjelm etter fleire mjuke kvalitetar i den kommunale planlegginga.
MJUK MANN: Politikar Christen (V) Knagenhjelm etter fleire mjuke kvalitetar i den kommunale planlegginga. (Foto: Montasje/arkiv)

Meiningar: Det skal bu folk i husa

– Det er ikkje sikkert at det kloke svaret er å byggja tettare og høgare i Sogndal. Ikkje alltid, skriv Christen Knagenhjelm (V) i dette innlegget.

Meiningar: Sogndal er av dei få kommunane i Sogn og Fjordane som har hatt vekst i folketalet dei siste 20 åra og veksten held fram. Ansvaret for å legga til rette for gode og framtidsretta bumiljø er difor stort. I dette arbeidet må me bruka både hovudet og hjartet.

Ein kan fort bli fanga av tal, statistikkar og prognosar. For administrasjonen og politikarane i kommunen kan det vere freistande å henta fram kalkulator og rekneark for å finna løysingar som sikrar nok utbygging i antal kvadratmeter og volum.

Ein kan fort bli fanga av tal, statistikkar og prognosar.

Folk skal bu i husa

Sjølvsagt skal me ha kunnskap, fakta og tal på bordet når viktige planar skal leggast, men me må ikkje gløyma at det er enkeltmenneske – unge og eldre, familiar og studentar, einslege og folk elles – som skal bu i husa me teiknar inn i arealplanane.

Dette er folk som me vil skal leva, arbeida og trivast i Sogndal, dei skal kjenna seg heime i lokalsamfunnet og samtidig finna tryggleik på ulike stadium i livet. Då handlar planarbeidet ikkje berre om harde tal og kvantitet, men òg om mjuke verdiar og kvalitet.

Sogndal Venstre har difor etterlyst fleire "mjuke" kvalitetar i planleggingsarbeidet som dei folkevalde får lagt på bordet som forslag. Konkret handlar det om kvalitetar som til dømes estetikk, grøntanlegg, uterom som fremmar helse, miljø og gode møteplassar, lokalisering av barnehagar, tilgang til offentlege tenester, kort sagt god bukvalitet.

– Ikkje sikkert svaret er å byggja tettare og høgare

Mjuke kvalitetar handlar òg om å ta vare på dei som alt bur i Fjøra og andre delar av sentrum og som kjem innafor plangrensene.

Me skal vera glade for at det finst utbyggjarar som vil investera i byggeprosjekt i kommunen vår, og dei fortener at me tek både initiativ og investeringslyst på alvor. Samtidig er det dei folkevalde som til sjuande og sist skal vedta planane og med det òg sit med ansvaret. Då er det ikkje sikkert at det kloke svaret er å byggja tettare og høgare i Sogndal. Ikkje alltid.

Det vil styrka planane, ikkje svekka dei. 

Sogndal Venstre meiner difor at planarbeidet i kommunen i langt større grad må nytta fagleg bistand for å sikra framleis god bukvalitet i framtidige Sogndal. Innafor kommunegrensene har vi fleire arkitektkontor og landskapsarkitektar med kompetanse og idear som med fordel kan brukast. Det vil styrka planane, ikkje svekka dei. 

Innbyggjarane må bli meir involverte

Involveringa i sjølve planprosessane må òg bli betre. Fleire alvorlege teikn det siste året viser at det er på høg tid at planarbeidet i kommunen vert opna opp.

Når huseigarar brått og utan forvarsel får vita at kommunen vurderer ekspropriasjon av eigendomen, når me får underskriftsaksjonar der folket høglytt reiser seg mot planane, eller når andre enn kommuneadministrasjonen sjølv finn det naudsynt å halda opne informasjonsmøte om kommunen sine planar, då bør varselklokkene ringa langt inn i kommunehuset.

Både kommune og utbyggjarar gjer mykje bra i Sogndal, men eit betre samspel med dei folkevalde og folket vil gjera at me kjem fram til løysingar som vil vera til det beste på sikt.

Til toppen