NY KURS: – AUF ynskjer ein varmare front mot dei kalde kreftene i det internasjonale samfunnet, skriv Haakon Kyrkjebø Nybø i AUF i Sogn og Fjordane.
meiningar
NY KURS: – AUF ynskjer ein varmare front mot dei kalde kreftene i det internasjonale samfunnet, skriv Haakon Kyrkjebø Nybø i AUF i Sogn og Fjordane.
meiningar

Meiningar: Dette skil Ap frå regjeringa i utanrikspolitikken

– Noreg var i mange år eit lite land - men ein stor fredsnasjon. No er vi berre eit lite land, skriv Haakon Kyrkjebø Nybø i AUF i Sogn og Fjordane.

Kronikk: I løpet av dei siste fire åra med Høgre og FrP i regjering har Noregs internasjonale rolle vorte betydelig svekka. Tidlegare var vi i førarsetet på å jobbe fram eit internasjonalt forbod mot klasevåpen. No er vi ein bremsekloss i prosessen for å få til eit internasjonalt atomvåpenforbod.

Tidligare satt vi ved forhandlingsbordet når land skulle løyse konfliktar. No sørger vi for at det kvinnefiendtlige Saudiarabiske regimet får ein plass ved bordet i FNs kvinnekommisjon.

Om ikkje anna, skulle ein kunne forvente at norske myndigheiter opptredde som ein av dei sterkaste pådrivarane for kvinner sine rettar i FN og i Kvinnekommisjonen - all den tida statsminister Solberg brukar på å snakke om viktigheita av jenter si utdanning. Diverre demonstrerer dette Høgre- og FrP-regjeringas forskjell i liv og lære. AUF er einig i at Noreg si rolle styrkast ved å ha eit samla storting bak gjeldande utanrikspolitikk. Slik er det å vere eit lite land. Det er heller ikkje noko mål i seg sjølv å være ueinig. Men i valåret 2017 er det passande å minne om nokre vesentlege forskjellar mellom Arbeidarpartiet og høgresida sin utanrikspolitikk.

Arbeidarpartiet ynskjer å anerkjenne ein palestinsk stat, og ta nye internasjonale initiativ for å få i stand ein fredsavtale mellom partane. Høgre- og FrP-regjeringa ynskjer ingen av delane.

Vidare har Arbeidarpartiet vedtatt at “vi skal ha eit systematisk kjønnsperspektiv på alt vi gjer. Vi skal bruke våre utanrikspolitiske verkty for å fremje likestilling; og vi bruker likestilling til å fremje våre utanrikspolitiske mål”. Dette er ei direkte anerkjenning av at kvinner rammast hardast av ulikskap, kriser og konflikt. Høgre- og FrP-regjeringa sine kutt i støtta til FNs befolkningsfond (UNFPA) og løyvinga til kvinners rettar og likestilling, demonstrerer ei uvilje til å satse på kvinner.

Arbeidarpartiets landsmøte har også slått fast at ein ønsker ei pådrivarrolle for et internasjonalt forbod mot atomvåpen. Vedtaket skil seg klårt frå Høgre- og FrP-regjeringas restriktive holdning til eit atomvåpenforbod, der Børge Brende attpåtil har kalla det eit “populistisk initiativ”. Dette er ein urovekkande karakteristikk av et forbod som søker å forby et masseøydeleggingsvåpen som ved bruk ville innebere massive humanitære lidingar.

Valet 11. september vert altså eit verdival - òg i utanrikspolitikken.

AUF ynskjer ein varmare front mot dei kalde kreftene i det internasjonale samfunnet. Vi ynskjer ei ny regjering med eit aktivt fredsengasjement i Palestina og Israel. Vi ynskjer at Noreg skal vere den sterkaste stemma i kampen for likestilling mellom kjønna internasjonalt. Og vi ynskjer at Noreg, igjen, skal gå i bresjen for internasjonal nedrusting.

Solidaritet og internasjonalt samarbeid er som raude trådar i arbeidarbevegelsens historie. Med Arbeidarpartiet i regjering vil Noreg igjen verte ein internasjonal aktør å regne med - eit Noreg som er på lag med verdas fattige, med freden og fridomen. Dette skil seg vesentlig frå bremseklossane Solberg og Brende.

Til toppen