NAUDSYNT: Varaordførar Sandra Opheim i Årdal meiner det var rett å gje ein halv million til sentrumsutvikling på Årdalstangen, pengar som eigentleg skulle gå til drift av utebassenget.
NAUDSYNT: Varaordførar Sandra Opheim i Årdal meiner det var rett å gje ein halv million til sentrumsutvikling på Årdalstangen, pengar som eigentleg skulle gå til drift av utebassenget. (Foto: Truls Grane Sylvarnes/arkiv)

MEININGAR

Meiningar: – Difor prioriterte me sentrumsutvikling, men ikkje basseng

– Me har ikkje råd til «alt», men å samarbeida for å utvikla sterke kvalitetar i begge tettstadane i kommunen, vil vera konstruktivt for å ta årdalssamfunnet vidare i positiv retning, skriv varaordførar Sandra Opheim i Årdal.

Meiningar: Utebassenget på Årdalstangen blir stengt sommaren 2018. Anlegget er i så dårleg stand at det ikkje er mogleg å opna utan omfattande vedlikehald.

Fleirtalet i kommunestyret fann ikkje rom for å bruka nær 1 million kroner for å setta anlegget i stand, i tillegg til dei alt avsette 500.000 kronene som skulle gå til drift i sommar. At bassenget dei siste åra har hatt liten oppslutnad påverka òg sluttresultatet. I 2017 hadde bassenget på Årdalstangen 1.600 besøkande. Utebassenget i Øvre Årdal, som ligg 13 kilometer unna, hadde 5.000 besøkande.

Sentrum på Årdalstangen har mange gode kvalitetar

STOR SKILNAD: Utebassenget på Årdalstangen hadde 1.600 besøkande i fjor, medan det i Øvre Årdal hadde 5.000 besøkande. Bilde: Truls Grane Sylvarnes

Nærleik til fjorden, Meieriparken der Målrock går føre seg og hotellet med cafe på gateplan, utgjer saman med det vesle grøntområdet med båten til Magne Vangsnes i sentrum, eit fint torg og område – som i tillegg til rom for kreativ leik og aktivitet blant born og unge, òg fungerar som marknadsplass om sommaren (fjord til fjell) og vinteren (julemarknad).

Det viktige og sjølvutnevnte «Noregs minste kjøpesenter» ligg òg her. Alle dei kommersielle tilboda er avhengig av oppslutnad av innbyggjarane om dei skal kunne halda fram. Området er óg ein møteplass for ungdom – sjølv om trenden med dataspel og sosiale media gjer at dei unge i stor grad sit heime og kommuniserer med kvarandre via nettet. På fine sommarsdagar lokkar òg fjorden, badeplassen i Vikadalen og den fine badestranda i Seimsdalen mange barnefamiliar og ungdommar dit.

Dette kan me gjera:

For å auka aktiviteten i sentrum, lyt me arbeida fram fleire tilbod som er attraktive for innbyggjarane og som i tillegg fører til meir besøk og turisme i bygda. Årdal Utvikling spelar her ei sentral rolle saman med næringslivet og frivillige organisasjonar.

Av mindre tiltak vil måling og nye overflater på fleire av bygga i sentrum, meir fargar og kreative uttrykk som gatekunst, biletbruk og utstillingar i vindauga gjera sentrum meir estetisk, spennande og attraktivt. Eit klatretårn vil trekka barnefamiliar til sentrum både vår, sommar og haust.

Særskilt har område i sentrum nær fjorden stort potensiale for auka aktivitet. Mykje tyder på at både innbyggjarar og besøkande ynskjer å ta fjorden meir i bruk. Me kan gjerne legga betre til rette for det.

Ikkje alle kan gå på toppane

Kommunen er generelt eit eldorado for friluftsliv både sommar og vinter, og det er gledeleg at òg fjellsportgruppa, i regi av Årdal turlag, har stor aktivitet. Å gjera områda nær elvane våre meir tilgjengeleg vil òg kunne auka aktiviteten i desse områda. I tillegg til fiske, vil til dømes elvekajakk vera ein mogleg og potensielt populær aktivitet.

Underteikna var som medlem i styret til Jotunheimen Nasjonalpark og Utladalen landskapsverneområde, på studietur til Snowdonia i Wales i haust. Dei har stor suksess med å legga til rette for korte og sentrumsnære turar til turistar og innbyggjarar. Det er ikkje «alle» som vil eller kan komma seg på dei mange 2000 meter-toppane i Jotunheimen, eller til toppen av Vettisfossen.

Å nyta lokale bakverkek eller lokalt brygga øl i cafeen, få gode musikk og kulturopplevingar, spasera langs fjorden eller Årdalsvatnet – kan òg vera fine opplevingar som styrkar heilskapsinntrykket etter eit besøk i industribygda.

Samarbeid er nøkkelen

Dei spennande planane til Norsun gjer oss optimistiske med tanke på innbyggjartalet i kommunen. Mange er òg spente på søkjartalet til den vidaregåande skulen vår. Mange ynskjer å bu sentralt, og om me kan skapa rom for fleire bustader i sentrum, blir nok eit av fleire tema i samband med utarbeiding av ny sentrumsplan for Årdalstangen.

Som politikarar lyt me ha fokus på økonomistyring og syta for at me utfører lovpålagde oppgåver på ein god måte. Utover dette lyt me stadig prioritera kva me vil løyva pengar til. Kommunestyret øyremerka i denne omgang 500.000 kroner til sentrumsutvikling på Årdalstangen. Det er ein god start og kan mellom anna føra til igangsetting av allereie planlagde tiltak.

Me har ikkje råd til «alt», men å samarbeida for å utvikla sterke kvalitetar i begge tettstadane i kommunen, vil vera konstruktivt for å ta årdalssamfunnet vidare i positiv retning.

Til toppen