MEININGAR: I kommunestyret 19. oktober fekk medlemane ein overordna presentasjon av rapporten som Arbeidsmiljøspesialistane har utarbeida vedkomande Sogn barnevern.
Det er kommunestyret som har bestilt rapporten og Kontrollutvalet er sett til å effektuere arbeidet.
Ordførar Jarle Aarvoll innleia saka med mellom anna: «Eg håpar at det er ein open og ryddig prosess i det vidare arbeidet og kommunestyret skal ikkje handtere eventuelle personalsaker.»
Saka vert no sakshandsama av kontrollutvalet, ved deira sekretariat. Sogndal kommune sin administrasjon, på alle nivå, er soleis ikkje delaktig i sakshandsaminga. Kommunestyret (politikarane) skal ta stilling til saka når denne vert lagt fram som sak av kontrollutvalet.
Kommunestyret har enno ikkje lese rapporten og kan med det ikkje dele ut skuld eller førehandsdøma nokon. Som politikarar har vi heller ikkje høve til å gå ned i kommunen sin organisasjon - vi skal forhalda oss til administrativ leiing.
Vi som politikarar er opptekne av at born og unge får vaksenhjelp når dei treng det som mest, og at Sogndal kommune skjøttar arbeidsgivaransvaret på ein god måte, og leverer gode tenester til brukarane. Det er derfor viktig at vi får ei korrekt handsaming av rapporten.
Sogndal Arbeidarparti v/gruppeleiar Kjetil Kvåle
Sogndal Høgre v/gruppeleiar Karin Vikane
Sogndal Senterparti v/gruppeleiar Laura Kvamme
Sogndal SV v/gruppeleiar Vibeke Johnsen
Sogndal KrF v/gruppeleiar Margrete Haug