RØDE KORS: Synøve Sande, og Berit Arntsen, Sogn og Fjordane Røde Kors.
RØDE KORS: Synøve Sande, og Berit Arntsen, Sogn og Fjordane Røde Kors. (Foto: Privat)

Meiningar: Dramatisk auke av barn frå låginntektsfamiliar

Synøve Sande, leiar Sogn og Fjordane Røde Kors, og Berit Flæthe Arntsen, omsorgsleiar Sogn og Fjordane Røde Kors skriv om barnefattigdom i denne kronikken.

Kvar morgon vaknar 1.600 barn i Sogn og Fjordane til ein ny dag der foreldra sin økonomiske situasjon er vanskeleg. Det er ei auke frå 2013 til 2016 på ein tredjedel. 

Kva kan vi gjere for dei?

Synøve Sande, Berit Arntsen

Statistikken som syner at 7,6 prosent av ungane i Sogn og Fjordane lever under fattigdomsgrensa, er henta frå Barne- ungdoms- og familiediraktoratet (Bufdir), og vart publisert i juli. Utviklinga frå 2013 til 2016 syner ei auke på 400 barn. 

Desse familiane har mindre enn 60 prosent av medianinntekta samanhengande i minst tre år. Det betyr at dei over tid manglar ressursar til å delta i aktivitet og ikkje har ein levestandard som er vanleg i samfunnet rundt seg.

Negative sosiale og helsemessige konsekvensar er veldokumenterte. Det går ut over framtidsutsiktene til barna det gjeld, i tillegg til alt det vi som fellesskap går glipp av grunna nokre sin vanskelege start.

Auke sidan 2001

Trass i store mål, pengepottar og ei rekke tiltak og strategiar frå regjeringar av ulik fargevalør, har barnefattigdomen i Norge auka heilt sidan 2001. Heile denne tida har alle sektorar, inklusive frivillige organisasjonar, jobba for å førebygge fattigdom eller hjelpe dei som er råka. Likevel veks talet. Kvar veke får Sogn og Fjordane to nye barn som kanskje vil få færre mogelegheiter i livet enn klassekameratane. Nasjonalt har vi passert 100.000 barn.

Det som ofte går att med desse familiane, er at foreldra er utanfor arbeidslivet. Mange har hovudinntekta frå ulike offentlege overføringar. Utdanningsnivået er lågt, mange er immigrantar. Ei stor gruppe er familiar med ein forsørgjar.

Uansett korleis vi snur og vender på det, det er ikkje ungane si skuld at foreldra slit med økonomien. Men ungane må på eit vis ta konsekvensen. Det er dei som ikkje får delta på fritidsaktivitetar fordi det kostar for mykje eller fordi foreldra ikkje har bil.

Det er dei som ikkje kan nåast på telefon. Det er dei som ikkje kjem i bursdag fordi dei ikkje har råd til gåver. Det er dei som ikkje får seg ei skikkeleg vinterjakke. Det er dei som aldri får boble over av spennande ferieopplevingar å formidle. I staden får dei kjenne på avstanden til dei som har. På foreldre si skam, si eiga skam.

Slå ring rundt dei som strevar

Vi oppfordrar til å slå ring rundt og inkludere desse ungane og det familiane deira strevar med. Vi oppfordrar til det, fordi vi trur at kjensla av å stå utanfor for nokon, skamma for andre, kan vere nett like øydeleggande som dårleg råd i seg sjølv.

Kva har du att viss du misser trua på deg sjølv?

Oppfordringa er enkel, men å praktisere inkludering er krevjande. Ein må byrje med å erkjenne ovanfor seg sjølv at ein del barn har hatt uflaks i livet, at barnefattigdom finst, og at handlingane til oss andre kan gjere ein forskjell.

Ein kan til dømes stille seg spørsmålet om det er nødvendig å vektlegge gåver i barnebursdagar? Må det verkeleg vere kontingentar på trening? Kan ein ta initiativet til litt meir samkøyring? Vi trur på å velje inn fleire menneske i liva våre, heller enn å køyre på med konsum. Det kan korte den opplevde avstanden, dei negative kjenslene om seg sjølv.

Tiltak for å hindre og lindre fattigdom

Ja, vi må gje på med tiltak for å avdekke, hindre og lindre fattigdom. Røde Kors har hatt behovsprøvde ferietilbod til familiar som slit økonomisk i over 15 år. Vi har gratis barneaktivitet uten krav til utstyr gjennom Barnas Røde Kors og Røde Kors førstehjelp og friluftsliv.

Vi har behovsprøvde «Julegleder for barn». Vi har møteplassar og integreringstiltak som flyktningguide og språktrening. Hundrevis av frivillige i Sogn og Fjordane prøver å ta vare på dei som har ekstra utfordringar.

Sjå folk - få dei med!

Det ser ikkje ut til at korkje frivilligheita eller styresmaktene sine tiltak klarar å snu trenden. Då er det kanskje medkjensla til den einskilde av oss som står att.

At vi erkjenner at andre sine problem kan opplevast større eller mindre, alt etter kva eg som nabo, kollega eller klassekamerat gjer for å inkludere dei. Oppmodinga vår er difor å sjå folk og få dei med!

Til toppen