AKTIV LÆRING: Trudvang skule er blant dei som har lengst erfaring med å bruka integrera fysisk aktivitet i undervisninga. På tampen av året føreslo helsekomitèen på Stortinget å innføra èin time fysisk aktivitet i skulen kvar dag.
meiningar
AKTIV LÆRING: Trudvang skule er blant dei som har lengst erfaring med å bruka integrera fysisk aktivitet i undervisninga. På tampen av året føreslo helsekomitèen på Stortinget å innføra èin time fysisk aktivitet i skulen kvar dag. (Foto: Halvor Farsund Storvik/NRK (arkiv))
meiningar

Meiningar: – Éin time dagleg fysisk aktivitet i skulen er mogleg å få til

– Mange rektorar og lærarar uroar seg for korleis dei skal kunne gje elevane ein dagleg time med fysisk aktivitet. Det er forståeleg – men fleire skular har alt vist at det går an, skriv høgskuleforskar Geir Kåre Resaland.

Meiningar: «Elevane er svært motiverte under ASK-øktene. Vi ser at dei kviknar til og gjer ein betre innsats i timen etterpå». Dette er oppsummeringa frå ein lærar som var med i forskingsprosjektet Active Smarter Kids (ASK), der 550 femteklassingar hadde éin times fysisk aktivitet – kvar skuledag – gjennom eit heilt skuleår.

Skulane gjorde dette utan å utvide skuledagen. Og sjølv om forsøket vart avslutta i juni 2015, har dei fleste skulane halde fram med fysisk aktivitet i undervisninga – for kven vil ikkje ha kvikkare elevar som gjer ein betre innsats? Forskinga og den praktiske kunnskapen mange etterlyser i kjølvatnet av helsekomiteen sitt fleirtalsvedtak 7. desember, har vi difor langt på veg allereie.

Denne kronikken stod først på trykk i VG.

Forståeleg lærarskepsis

ØNSKJER AKTIVE ELEVAR: Geir Kåre Resaland, førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet. Foto: Privat

Sidan planane om å sikre elevar i 1.-10. trinn ein times dagleg fysisk aktivitet blei kjende, har mange rektorar og lærarar uttrykt skepsis. Forståeleg nok ser dei for seg meirarbeid som følgje av endringa. I tillegg opplever mange at politikarane tek frå dei valfridom ved å ønske seg nye undervisningsmetodar baserte på fysisk aktivitet.

Det kjennest viktig å understreke at uttrykket «fysisk aktivitet» er eit paraplyomgrep som viser til fleire former for bevegelse i løpet av skuledagen, inkludert faget kroppsøving. For kroppsøvingslærarar kan det provosere at kroppsøving er medrekna i den daglege timen med fysisk aktivitet. Det er òg forståeleg at enkelte tykkjer «fysisk aktivitet» er eit misvisande omgrep som skyggar for ei heilskapleg forståing av menneske i bevegelse. Likevel – «fysisk aktivitet» er eit innarbeidd omgrep som dei fleste forstår.

Bør vere lystprega

Når vi snakkar om éin time dagleg fysisk aktivitet i skulen, vil det meste gå føre seg i vanlege klede, i elevane sitt vanlege miljø – ute på skuleplassen, i klasserommet eller ute i gangane nær klasserommet. Skular har vist at med fleire små grep, enkelt utstyr og nye rutinar kan dei komme opp i éin times fysisk aktivitet.

Fysisk aktiv læring, der ein integrerer fysisk aktivitet i undervisninga i ulike skulefag, er eit metodisk alternativ til delar av den tradisjonelle, stillesitjande teoriundervisninga og læringsaktivitetar. Mange skular gjer dette i dag og det blir som oftast gjennomført på uteområdet til skulen der ein nyttar ulike former for fysisk aktivitet i fagformidlinga.

Når elevane skal lære medan dei rører på seg, kan dei leike, spele bingo eller gjere oppgåver lagt til ei løype. Det er viktig at det er faglæraren som leier slike aktivitetar, og denne typen læring bør vere lystprega, ha låg motorisk terskel og byggje på samarbeid mellom elevar. Ein lærar som nytta desse læringsformene i ASK, skildrar bonusen slik: «Vi lærarane ser elevane på ein annan måte no, samtidig som det gir oss ein meir variert, gøy og kreativ skulekvardag».

Skulane kan henta inpirasjon frå gratis database

Fysisk aktive pausar i klasserommet, altså korte avbrekk frå undervisninga, må òg til for å komme opp i ein dagleg time. Fordelen med desse korte avbrekka, er at dei bryt opp stillesitjande tid i klasserommet. Slik ASK-skulane gjorde det, var elevane aktive i fem minutt inne i klasserommet eller på gangen utanfor. Dette kan ein gjenta fleire gonger dagleg.

Enkelte pausar gjekk ut på å danse og strekke seg til musikk eller ein You Tube-video. Styrkeøvingar ved pulten vart også nytta. Mange lærarar fortalde at elevane var positive til å bryte opp undervisninga. Det var lite uro når aktivitetspausen var over og undervisninga starta att. Pausane kan òg ha eit fagleg innhald, som «hopp viss du høyrer eit adjektiv».

Lærarar som har drive med fysisk aktiv læring over tid og gitt elevane korte, fysisk aktive pausar i klasserommet, har hatt stor nytte av ASK-basen og Aktivitetskassen. Dette er gratis databasar med fiks ferdige opplegg for fysisk aktiv læring. Begge blir stadig utvida og vidareutvikla.

Løysingane må vere lokalt tilpassa

Ein ting eg har lært gjennom å forske på fysisk aktivitet i skulen, er at det tek tid for skulane å legge om undervisninga på den måten eg skisserer over. Difor trur eg det aller viktigaste for å lykkast med innføring av den daglege timen med fysisk aktivitet blir å la skulane legge opp til ei stegvis innarbeiding – gjerne over fleire år. Det tek tid å bygge kompetanse og utvikle verktøy og metodar.

Mi oppmoding til dei som skal meisle ut planen for innføringa av den nye ordninga, er difor å tenke langsiktig og finne eit tempo som rektorar og lærarar er komfortable med. I tillegg er det klokt å ta med Utdanningsforbundet, Skuleleiarforbundet og Norsk Lektorlag på utforminga frå dag éin. Det er ikkje nok at desse organisasjonane får høve til å ytre seg – dei må vere sentrale i alle steg i prosessen og ha reell innverknad. Vi må òg huske på at skular kan vere svært ulike, frå grendaskular til store byskular. Difor er det avgjerande å gi rom for lokalt tilpassa løysingar.

Meir trivsel, meir læring, betre helse

Det er truleg på mellomtrinnet, i 5.-7. klasse, det blir enklast å innføre éin time dagleg fysisk aktivitet, ettersom den nasjonale læreplanen alt har eit krav om gjennomsnittleg 40 minutt fysisk aktivitet kvar veke på desse trinna. Ordninga blei innført i 2009, og i lys av forslaget som har komme no, er det på høg tid med ei evaluering. Spesielt bør ein vurdere om det bør vere eit krav om kompetanse hjå den som har ansvaret for den fysisk aktiviteten, og om ordninga kan utvidast til å gjelde alle elevar på 1.-10. trinn. Viktigast av alt: Det må følgje midlar med slike satsingar for at dei skal gje dei resultata politikarane har tenkt.

Dei potensielle fordelane med éin times dagleg fysisk aktivitet for alle elevar er betydelege, men det same er utfordringane med å tilpasse vedtaket i skulekvardagen. Difor er det så nyttig at det finst skular og forskingsmiljø som har gått opp ei løype på førehand. Fleire skular har alt innført den nye ordninga i ei eller anna form. For dei som skal setje ordninga ut i livet over heile landet, blir det viktig å nytte kunnskapen og erfaringa vi alt har. Gjer dei ein god jobb, vil barn og ungdommar kunne få ein meir variert og aktiv skuledag som kanskje gjer at dei trivst betre, lærer meir og får betre helse.

Til toppen