Linda Watten
Linda Watten (Foto: Privat)

Meiningar: – Ein ting har desse fire damene til felles. Ingen prata med dei om det dei opplevde

Journalist Linda Watten fortel kvifor du ikkje skal vera redd for å snakka med nokon som har det vanskeleg. Eller med andre, om du har det vanskeleg sjølv.

Meiningar: I dag skal me kosa oss, leika, eta is, nyta livet, og, ikkje minst, vera saman. Me går i tog, veivar med flagg og ropar «hipp hipp hurra». 17. mai er ein festdag, men det er òg ein dag me kan bruka på å tenka litt ekstra over ting.

Og det er nettopp det eg vil her no. Prata litt om ting me ikkje pratar om kvar einaste dag. 

Det siste året har eg møtt mange ulike folk i rolla mi som journalist. Eg har høyrt lykkelege historier, men òg triste. Eg ha møtt folk som har rørt noko inni meg. Folk som har fått meg til å tenka.

Møta med dei fire kvinnene

Eg har møtt Marit. Marit som mista familien sin i bussulukka i Råaberget i 1966. Marit som berre var sju år då det kjæraste ho hadde i livet blei reve vekk framfor augene hennar.

Marit som opplevde at alle rundt ho var tause om døden etterpå. Ingen snakka med ho, verken då eller i åra som følgde.

Eg har møtt besta mi. Ho møter eg ofte, men kanskje aldri har eg møtt ho på ein så ekte måte som då ho fortalde meg korleis det var å mista søstera si.

Då ho stod på land i Marifjøra og såg bussen ligga i fjorden, vel vitande om at søstera og familien hennar var ombord i bussen. Som såg dei bar menneske opp på land. Menneske som måtte gje slepp på livet så altfor tidleg.

Eg har møtt Johanne. Johanne som sat ombord i bussen. Som overlevde ulukka, men fortsatt ber på minner ho helst skulle vore forutan. Ho kom frå det utan fysiske skader, men dei psykiske skadene vil alltid vera med ho.

Det me ikkje snakkar om

Og eg har møtt 18 år gamle Rose. Rose som blei mobba heile barndomen. På skulen lærte ho ein definisjon på mobbing. At det skjedde jamnleg og over lenger tid. Berre det var mobbing.

Det hagla stygge ord mot Rose gjennom heile barneskulen. Ho hadde ikkje vener. Folk var stygge med ho og kasta ho på elva. Men det skjedde ikkje kvar dag. Og då tenkte Rose at ho ikkje blei mobba. Lærarane såg ho, men dei greip ikkje inn. Då tenkte Rose at dette ikkje var mobbing. Men det var mobbing... av verste sort.

Ein ting har alle desse fire sterke damene til felles: ingen prata med dei om det dei opplevde. Folk visste, folk forstod, og folk brydde seg nok inst inne, men ingen var modige nok til å prata med dei om det dei opplevde.

Ingen prata med Marit om døden. Ingen prata med besta mi om tapet. Ingen prata med Johanne om det ho såg den dagen. Og ingen prata med Rose om mobbinga ho opplevde, ikkje kvar dag, men i altfor mange år.

– Ver så snill, ta vare på kvarandre

Me kan alle læra noko av Marit, besta, Johanne og Rose sine historier. Me kan alle gjera litt for å skapa ein betre kvardag og eit betre liv for dei rundt oss.

Bry deg. Våg å prata med folk. Våg å spørja. Lytt. Vis forståing. Ver støttande og oppmuntrande. Stå opp for kvarandre. Gje kvarandre handa i staden for skuldera. Ver så snill, ta vare på kvarandre. 

Og om akkurat du, akkurat no, føler at ting er litt vanskeleg, så skal du lytta til desse orda som Rose gav meg etter mange år med mobbing: Prat med nokon. Det blir betre. 



Det er ingenting eg har meir trua på enn at me saman kan jobba målretta mot ei betre verd og betre samhald. At me saman kan få endringar til å skje. Det skal me bruka denne dagen, og alle andre dagar på.

Men akkurat no skal me gleda oss over nasjonaldagen og at me kan feira den saman. Nyt den. Et ti pølser eller tjue is saman med dei du er glad i. Rop hipp hipp hurra så høgt du kan. For i dag er det vår dag.

Teksten er ei redigert utgåve av 17. mai-talen Linda Watten heldt i Luster kommune.

Til toppen