Aasa Grønvold, fylkesstyremedlem AUF Sogn og Fjordane.
Aasa Grønvold, fylkesstyremedlem AUF Sogn og Fjordane. (Foto: Sogn og Fjordane AUF)

MEININGAR

Meiningar: Endring av abortlova er ein innskrenking av kvinners rettigheiter

Kvar går grensa di, Erna Solberg?  spør Aasa Grønvold, medlem i fylkesstyre for AUF, i dette lesarinnlegget.

Meiningar: Abortlova vart vedteke i 1978. I mai feira me 40 årsdagen. Då visste me lite om at me igjen måtte ta til gatene for å forsvare kvinner sin rett til å bestemme over eigen kropp.

Dei fleste har nok fått med seg at KrF sitt retningsval resulterte i at dei peika mot Erna Solberg og dei blå-blå. Ein utløysande faktor for valet var mest truleg statsministaren sine lovnadar om at ein skal sjå på formuleringane i abortlova.

Erna Solberg snakkar som om det berre dreiar seg om ord på eit ark. Det gjer det ikkje, og no rasar kvinner og menn over heile landet mot forslaget. 

«Fosteret skal ikkje vera levedyktig»

Likevel har KrF lenge hatt ”kampen mot sorteringssamfunnet” som si største sak. Dei gøymer standpunktet sitt om å gjere det vanskelegare å få abort bak at dei vil ta vare på mangfaldet i samfunnet.

Dei meiner at ein ikkje skal kunne ta abort på bakgrunn av sjukdom eller skade på fosteret, slik som det står i paragraf 2c. Dei har mellom anna kome med forslag om å endre ordlyden til at ‘fosteret ikkje skal vere levedyktig’ for å få abort innvilga.

Ei grovare innskrenking av kvinner sin rett til sjølvbestemming er det lenge sidan me har sett. 

Ein gjer i dag tidleg ultralyd, evt fostervatnprøve, i veke 11-14 som vil seie at dersom ein finn sjukdom i veke 12-14 så er det i dag 2c som er heimel for abort.

Dersom ein fjernar 2c vil berre kvinna ha ei veke på å påvise sjukdommen og ta stilling til om ho skal bære fram bornet. Det setter kvinna i ein uhaldbar situasjon.

KrF er også imot tidleg ultralyd, så dei ynskjer rett og slett at familiar ikkje skal ha eit tilstrekkeleg kunnskapsgrunnlag om den beslutninga dei skal ta.

Fleire skal få nei til abort

Til NRK seier KrFs nestleiar Kjell Ingolf Ropstad at deira mål er at fleire skal få nei i abortnemndene. Samstundes seier Høgre at kvinners rettigheiter skal vere fast, sjølv om dei er opne for å sjå på endringar i lovteksten.

Kven fortel sanninga? Og kva for garanti har vi for at praksisen vert den same dersom lovteksten endrast. Det er ikkje lett å bli klok på kva standpunkt regjeringspartiet Høgre eigentleg har i denne saka. 

Ei grovare innskrenking av kvinner sin rett til sjølvbestemming er det lenge sidan vi har sett. 

Aasa Grønvold

Erna Solberg utfordrar abortlova for andre gong i statsministerstolen.

Ho brukar det som eit forhandlingskort for å sikre seg kortsiktig makt i tre nye år. Det er skammeleg.

Erna og KrF skal ikkje ta det valet for kvinner. Me i AUG er klare for å ta kampen mot Erna Solberg og hennar ynskje om å innskrenka abortlova endå ein gong.

Me håpar me ikkje treng gjere det igjen.

Til toppen