DEBATT: Områdeplanane for Campus Fosshaugane har sett Sogndal i fyr. Marit Irene Uglum meiner at det er få med mykje makt.
meiningar
DEBATT: Områdeplanane for Campus Fosshaugane har sett Sogndal i fyr. Marit Irene Uglum meiner at det er få med mykje makt. (Foto: Privat / Arkiv)
meiningar

Meiningar: Framsnakking sett i system

«Campusmiljøet» viser til at dei har sett «framsnakking i system» - kva handlar eigentleg det om?

Områdereguleringsplanen for Fosshaugane campus vart lagt ut til høyring etter møte i forvaltningsutvalet 24. mai-18. Draumen om Campus Fosshaugane Sogndal som skal vekse seg større enn størst skal no realiserast.

Fosshaugane Campus og Sogndal fotball er ein viktig spydspiss i Sogndal, og har med rette fått stor anerkjenning som ein sentral og viktig aktør i bygda vår. Sogndalsmodellen er eit samarbeid mellom private og offentleg aktørar, eller som det står på heimesida til Sogndal kommune – bli med på laget. Spørsmålet er kva for eit lag er det snakk om.

Uglum: – Mykje makt på få hender

Georg Arnestad peikar på , i innlegget «Arvingane» i Sogn Avis 5.08.17, at Fosshaugane campus har utvikla seg til eit senter med stor makt. Det interessante er at Georg Arnestad viser til at «arvtakarane» sit i eit stort tal sentrale styreverv som Sogndal fotball, Bratt moro, Sognahallen As, Hodlekve skisenter, Sogn næring, m.m.

Det vil seia at dei same personane sit i dei fleste sentrale styreverv i bygda, og det er mykje makt på få hender.

Sjølvsagt tyder dette på stort engasjement, arbeidskapasitet og dugleik som er berre å ta av seg (alle) hattane for. Ei lita hake med stor makt er at det aukar krava til etikk og dømmekraft. Sogndalsmodellen inneber at Sogndal kommune og miljøet på Fosshaugane campus har tett samarbeid.

Så tett samarbeid at me på folkemunne seier at me ikkje veit heilt kven som styrer bygda - Sogndal fotball, Sogndal kommune eller kapitalsterke kjøpmenn - men det me veit er at dei framsnakkar kvarandre.

Framsnakking er i utgangspunktet eit positivt lada omgrep som gjerne er kopla til menneskeverd og verdigheit. «Campusmiljøet» viser til at dei har sett «framsnakking i system» - kva handlar eigentleg det om?

Har Sogndalsmodellen utvikla seg til ein tendens for ukultur der avgjersle skjer gjennom lukka prosessar i kulissane?

Marit Irene Uglum

Bli med på laget, spela på lag (men på våre premissar, det er me som lagar spelereglane), lukka prosessar (me snakka ikkje om da, kun med dei som spelar på lag), kjappe prosessar, strategiar, omdømebygging, omdømesjefar – er det dette som er «framsnakking sett i system»? Kva skjer om du stiller spørsmål, sågar er usamd eller til og med negativ til utspel frå «campusmiljøet», og seier imot dei som har sett «framsnakking i system»? Du vert lite truleg framsnakka ……., og er i allefall ikkje med på «laget».

Sogndalsmodellen 

Eit spørsmål er om Sogndalsmodellen, som starta med gode intensjonar, konstruktivt samarbeid og handlingar, etter kvart har utvikla seg til ein tendens for ukultur der avgjersle skjer gjennom lukka prosessar i kulissane?

«Campusmiljøet», «Arvtakarane» og sterke kapitalkrefter vil fullføre draumen, dyrke sine interesser, bli best og vise til resultatmål (sine eigne mål) - koste kva det koste vil. Denne draumen kan ikkje ta omsyn til andre sine draumar. Andre sine draumar er likevel vanlegvis ikkje så svulstige. Dei fleste av oss lever lukkeleg med draumar som kan realiserast utan å ta i frå andre.

Kreativitet, nytenking, dugnad, innovasjon, endring og utvikling er sentrale honnørord, men dei må nyttast innafor ramma av verdigheit, omsyn og respekt for andre- slik me prøver å lære kommande generasjonar. Taleføre omdømebyggjarar og festtalar kan blenda nokon og ein kvar i augneblinken, men det er ikkje kva du seier, men kva du gjer som viser kva verdiar du står for .

Konsekvensar for innbyggjarane

Områdereguleringsplanen for Fosshaugane campus som ligg ute til høyring, gjev store konsekvensar for innbyggjarar i området. Alt frå å avstå delar av eigedomen, til å flytte frå heimen til eventuelt å leggje ned bedrift og arbeidsstad, men kanskje og for ein periode skape nye arbeidsplassar. Økonomisk perspektiv og utvikling er me alle oppteken av , men det må balanserast med andre perspektiv, verdiar og etiske problemstillingar.

«Målet helliger alle midlene» er eit uttrykk som vert nytta for å rettferdiggjera sine handlingar. Er målet utydeleg og midlane kynisme og grådigheit er det vanskeleg å rettferdiggjera. Ta frå andre, og gjera seg rik på andre sin kostnad gir korkje idrettsglede, lukkekjensle eller heiarop på flotte Fosshaugadn stadion. Gode verdiar skal me framsnakka – dei trengst ikkje setjast i «system for framsnakking» - dei viser seg i handling.

– Alle innbyggjarane er viktige bidragsytarar

Det er på sin plass å minne om at alle innbyggjarane er viktige bidragsytarar til fellesskapet i bygda . Eg oppmodar innbyggjarar i Sogndal til å vera merksam på maktstrukturen som ser ut til å ha utvikla seg i kjølvatnet av Sogndalsmodellen og «campusmiljøet».

Eit samarbeid mellom næringsliv, sterke kapitalkrefter og offentleg aktørar kan vera eit konstruktivt og nyttig samarbeid for oss alle. Likevel er det viktig å vera merksam på uheldige biverknader - så du ikkje endar som «ei kjøpt sjel i eit sponsa legeme». Bærekraftig verdiskaping i framtida treng frie sjeler i kreative legemer med syn for opne prosessar og inkluderande verdiar.

Til toppen