STORT BEHOV: Det er stort behov for fadderfamiliar til kattar. Det betyr likevel ikkje at alle som ønskjer det skal få adoptera, skriv forfattaren av dette lesarinnlegget.
STORT BEHOV: Det er stort behov for fadderfamiliar til kattar. Det betyr likevel ikkje at alle som ønskjer det skal få adoptera, skriv forfattaren av dette lesarinnlegget. (Bilde: Privat)

MEININGAR

Meiningar: – Ingen har «rett» til å få adoptera ein katt

– Alle dyrevernsorganisasjonar har kriteriar for kven som skal få adoptera både vaksne kattar og kanttungar, skriv Heidi Johanne Bøyum i dette lesarinnlegget.

Meiningar: Eg ser at Sogn Avis har eit oppslag om ei bestemor som ikkje fekk katt frå Dyrevernlaget Indre Sogn. Eg representerer ikkje Dyrevernlaget, men er engasjert i kattevelferd og korleis kattehald vert framstilt.

Kjenner heller ikkje personane i denna saka, men gjer meg nokre heilt generelle tankar rundt det å adoptere dyr:

Tid for ettertanke

Ein organisasjon som adopterer vekk dyr vil aldri kunne handle etter prinsipp som «først til mølla» eller «alle skal få». Alle dyrevernsorganisasjonar har kriteriar for dei som skal adoptere både vaksne kattar og kattungar (og andre typar dyr). Desse kriteria vert sett ut frå dyret sitt beste. Heilt generelt går dette på alder, kvar ein bur osv.

Særs unge folk vil gjerne få spørsmål om korleis dei trur livet ser ut om fem år. Har dei økonomi og tid til dyret? Er dei i eit utdanningsløp, skal dei flytte? Mange plassar er det ikkje tillete å flytte inn med husdyr. 

Alle må tenke gjennom kva ein gjer med dyret om ein vert langvaring sjuk, havnar på institusjon eller skal på ferie. Har vi økonomi og moglegheit til å reise til veterinær ein gong i året for vaksine og helsesjekk, eller om dyret vert sjukt eller skadd? Om kattungen ein får, gjerne gratis, ikkje er kastrert og ID-merka, så er det ein kostnad som det må takast høgde for.

Når det gjeld høg alder, er det òg noko som må tenkast på. Ein katt vert gjerne 18-20 år. Om ein i løpet av desse åra havnar i ein situasjon der det er vanskeleg å ta heile ansvaret for ein katt, og all oppfølging, er det da nokon som kan hjelpe? Kan nokon overta katten om noko skjer? Dette gjeld sjølvsagt for alle aldersgrupper, og spesielt om ein bur åleine.

Katten i fokus

Hadde det vert snakk om ein kvelp, ville nok mange tenkt på ein anna måte. Den største ulikskapen er at ein ikkje treng gå på daglege turar med ein katt. Likevel bør ein merke seg at ein kattunge ikkje kan sleppast ut aleine før den er om lag året.

Inntil då må den aktiviserast inne, ellers kan den fort bli frustrert og byrje med uønska framferd som kvessing på møblar, kloring, biting og gjere frå seg utanom kassa.

Hugs òg på at denne skjønne kattungen vert vaksen i løpet av eit år. Den vil ikkje alltid vere like liten og «nusseleg» . Har ein ikkje noko til overs for vaksne kattar, bør ein tenke seg om før ein skaffar eit lite levande vesen.

Alle dyrevernsorganisasjonar vurderer grundig med fokus først og fremst på kva som er best for dyret, så for mennesket, og sjølvsagt legge til rette for at kjemien skal bli best mogleg mellom dyr og ny eigar. Dette er særs viktig for å minimere sjansen for at dyret atter ein gong skal bli flytta på.

Kva med dei vaksne kattane?

På grunnlag av dette vil det alltid vere nokon som ikkje blir «godkjent» for å adoptere dyr, eller akkurat det dyret dei hadde tenkt. Det er ikkje slik at vi menneske alltid har ein rett til å eige dyr, og vi kan ikkje alltid setje våre eigne behov først.

Sjølv om eg ikkje kjenner til den nemte saka, tillet eg meg likevel å komme med eit hjartesukk til slutt.

Kva med alle dei vaksne kattane som sit rundt hos dyrevernsorganinsasjonar og aldri får seg sin eigen «for alltid-heim»? Desse som så mange ikkje vil ha, for dei aller fleste vil ha ein liten kattunge.

Tenk om det faktum at desse blir diskriminert kun fordi dei er vaksne, kunne sett i gang eit liknande engasjement.

Til toppen