LO: Nils P. Støyva og Anne Kristin Førde.
LO: Nils P. Støyva og Anne Kristin Førde. (Foto: Privat )

Meiningar: Ja til heiltid og ikkje deltid

Det seier Anne Kristin Førde, leiar i familie- og likestillingsutvalet, og Nils P. Støyva, distriktssekretær - begge i LO Sogn og Fjordane.

I landet vårt arbeider 37 % av kvinnene deltid, mens 15 % av mennene har deltidsstillingar. Dette er ei av dei viktigaste utfordringane i arbeidet for likeløn og likestilling.

Å vere tilsett i ei deltidsstilling gjer arbeidstakaren mindre økonomisk sjølvstendig.

Deltidstilsette har ofte problem å skaffe seg lån til bustad. Dei får sjeldnare vidareutdanning og blir ofte mindre involverte i den faglege utviklinga på ein arbeidsplass.

Pensjonstaparar 

Personar i små stillingar blir pensjonstaparar og hamnar ofte opp som minstepensjonistar. Dette fordi ein gjennom små stillingar og kortare oppteningstid ikkje opparbeider seg pensjonspoeng.

Mange deltidsarbeidarar har ei lite strukturert og uryddig fritid. Den deltidstilsette må vere klar til å "springe" på arbeid når sjefen ringer.

Etter kamp frå mellom anna fagrørsla har vi det siste tiåret fått full barnehagedekning, lengre foreldrepermisjon, utvida pappapermisjon og lengre ferie. Likevel arbeider framleis alt for mange kvinner deltid.

Samansette årsaker 

Dette gjeld kvinner i ulike yrke og bransjar, men mest i dei typiske kvinnedominerte yrka. Kjem du til ein arbeidsplass med mykje bruk av deltid, kan du vere trygg på at det er eit fleirtal av kvinner der.

Årsakene til at kvinner vel deltid er samansette. Mange kvinner arbeider deltid for å få kvardagen til å gå opp. Omsorgsoppgåver på heimebane er ei viktig årsak til at fleire kvinner vel deltidsarbeid.

Å ha barn under 16 år, låg utdanning og vere gift med en mann med høg inntekt meir enn doblar sjansen for at ei kvinne jobbar deltid.

Ikkje berre eit kvinneproblem

I privat sektor er problema med deltid ikkje berre eit kvinneproblem. Mange menn som arbeider deltid har bakgrunn som innvandrar. Det er ei utfordring av det er ofte er få fagorganiserte i butikksektoren, hotell- og restaurant og reinhaldsbransjen.

Fagforeinings- og klubbarbeid på den einskilde arbeidsplass blir vanskeleg med mange tilsette i små stillingar. Mange av dei gode ideane i den norske modellen, som drøftingsplikt og fortrinnsrett, blir vanskelege å gjennomføre med den lause tilknytinga til arbeidsplassen som deltidstilsette har.

Diverre er de ofte slik at deltidstilsette medlemmar ofte ikkje vågar å seie frå om kritikkverdige forhold på arbeidsplassen, då dei fryktar for å miste framtidige vakter.

Det er sjølvsagt akseptabelt å legge tiltrette for redusert arbeidstid i periodar av yrkeslivet. Dette opnar også arbeidsmiljølova opp for. Men heiltidsarbeid må vere norma. Vi må også stille krav til at menn skal delta og ha ansvar for omsorgsoppgåver.

På denne måten kan vi få likestilt arbeidsliv for alle.

Førde: – Retten til heile stillingar må vere reel for alle kvinner 

Familie- og likestillingsutvalet i Sogn og Fjordane vil ha eit arbeidsliv som ikkje blir ei fattigdomsfelle for deltidsarbeidande kvinner.

Retten til heile stillingar må vere reel for alle kvinner. Det er viktig å ha eit arbeidsliv der både kvinner og menn kan motta full lønn og tene opp like rettar til pensjon.

Då må heile stillingar vere hovudregelen. Vi oppmodar dei politiske partia til å ta rett til heiltid inn i valprogramma.

Til toppen