IKKJE OVER: Anne Kristin Førde, leiar i LO sitt familie og likestillingsutval og Nils Petter Støyva, distriktssekretær i LO, meiner kvinnekampen må halda fram enno ei stund.
meiningar
IKKJE OVER: Anne Kristin Førde, leiar i LO sitt familie og likestillingsutval og Nils Petter Støyva, distriktssekretær i LO, meiner kvinnekampen må halda fram enno ei stund.
meiningar

Meiningar: – Kvinnekampen held fram

Lønskilnader mellom kvinner og menn, overvekt av kvinner i deltidsstillingar og Me too-kampanjen er eksempel på at kvinnedagen framleis har ei viktig rolle å spela, meiner LO Sogn og Fjordane.

Meiningar: Torsdag 08.03 er det den internasjonale kvinnedagen. Mange hevdar at dagen har utspelt si rolle og bør gå over i gløymeboka. Etter vår meining er dette heilt feil. Kvinnedagen har framleis sin rettkomne plass i samfunnet. Sjølv om Noreg har kome langt i likestilling mellom kjønna, er det framleis store og systematiske forskjellar. LO sitt mål i arbeidet med likestilling er at kvinner og menn skal ha like rettar og moglegheiter til utdanning, arbeid, inntekt, påverknad og velferd. Heile stillingar og ei sjølvstendig inntekt til å leve av er avgjerande for reell likestilling.

Det er framleis store og systematiske lønsskilnader mellom kvinner og menn både nasjonalt og internasjonalt. Kvinner i EU har ei gjennomsnitt timeløn som er 16.3 % lågare enn for menn. I Noreg tente kvinner i 2016 i  gjennomsnitt 13,9% mindre enn menn. Om lag halvparten av dette kan vi forklare med at kvinner og menn arbeider i ulike næringar, yrker og stillingar.

Ei betre kjønnsfordeling innanfor ulike yrkesgrupper, bransjar og sektorar vil på sikt skape ei betre utjamning av lønnsforskjellar mellom kvinner og menn. Gutar og jenter gjer framleis svært tradisjonelle yrkesval. Om lag nitti prosent elevane i omsorgsfaga på vidaregåande skular i fjordfylket er jenter. Mens vi har dei motsett tala innanfor bygg- og anlegg og elektro Vi må rekruttere fleire jenter til tekniske fag, og fleire gutar til omsorgsfaga. Kvinnedagen må vi bruke til å sette søkjelys på likelønn og dei bakanforliggande årsakene til at vi framleis har store og urimelege lønsskilnader i samfunnet. 

Kvinner i deltidstillingar er eit anna stort problemområde. Vi må aktivt byggje ein kultur for heiltid og heile stillingar. Dette er særskilt viktig i dei områda av arbeids- og næringslivet der deltid framleis er utbredt. Trass årevis med kamp  har mange av kommunane i vårt fylke framleis "svin på skogen". Vi har også ei blå-blå regjering som dreg likestillinga i samfunnet i feil retning. I dag blir det ført ein politikk som medfører frislepp av midlertidige stillingar. På denne måten blir likestillinga sett tiår tilbake i tid. Difor var likestilling eit viktig argument då vi for eitt år sidan kjempa for å forsvare arbeidsmiljølova.

Kvinner er meir utsette for seksuelle overgrep og vold i nære relasjonar enn menn. Me too-kampanjen har det siste halvåret sett fokus på dette på ein god måte. Éin av fem spurde oppgir å ha opplevd seksuell eller anna trakassering på arbeid. Dette kjem fram i ei gransking FAFO har gjort blant  medlemmar i Fellesforbundet og Fagforbundet. Tilsette i omsorgsektoren opplever ofte at pasientar gjer tilnærmingar under morgonstellet eller får slengt "tilbod" etter seg. Nesten tre av ti i hotell- og restaurantbransjen melder om at seksuelle trakassering gjer at dei ønskjer å slutte i jobben.

Vi treng arbeidsplassar utan seksuell eller anna trakassering. Og vi treng tilsette som føler seg trygge på å få støtte og bli tekne på alvor når det blir sagt i frå. Arbeidsmiljølova pålegg arbeidsgivarar å førebygge og forhindre seksuell og anna trakassering. Arbeid mot trakassering må sterkare inn i det systematiske HMS-arbeidet. For å få til dette, må temaet bli løfta opp som ei politisk sak.

Eksempela ovanfor viser at det framleis er trong for ein brei og aktiv politikk innan likestilling. Kampen for kvinner sine rettar og eit likestilt samfunn må halde fram. Arbeid med haldningar i samfunnet er svært viktig for å få til meir likestilling. Dette arbeidet må starte i barnehagen og halde fram gjennom heile utdanningsløpet. Vi må bruke politikken til å fremme likestillinga også på heimebane. Dette kan gjerast ved at far får ein større del av fødselpermisjon. For LO er likestilling ei kampsak og har alltid ein brei plass i lønnsoppgjer og andre politiske prioriteringar.

Til toppen