KLART RÅD: Nils Petter Støyva, distriktssekretær og nestleiar i fagopplæringsnemnda, oppmodar elevar om å velja yrkesfag.
meiningar
KLART RÅD: Nils Petter Støyva, distriktssekretær og nestleiar i fagopplæringsnemnda, oppmodar elevar om å velja yrkesfag. (Foto: Pressefoto)
meiningar

Meiningar: LO-sekretæren oppmodar elevar om å velja yrkesfag

– All erfaring viser at dei mest etterspurde ingeniørane er dei som har arbeidserfaring gjennom eit fagbrev, skriv Nils Petter Støyva, distriktssekretær og nestleiar i fagopplæringsnemnda.

Meiningar: 1.mars er siste frist for alle 10. klassingar til å søkje vidaregåande skule for neste skuleår. Dette er eit svært viktig val. Fullført vidaregåande skule gjev det beste grunnlaget for å få ei varig og stabil tilknyting til arbeidslivet i framtida.

Rundt om i venneflokkane, i heimane og på ungdomsskulane føregår det i desse dagar store og viktige diskusjonar studie- og yrkesval for framtida.

I diskusjonane og vala blir det i alt for liten grad sett fokus på den viktige fag- og yrkesutdanninga. Allmennfag eller studiespesialiserande er sjølvsagt viktig, men samfunnet, næringslivet og kommunane skrik etter personar med fagbrev eller anna fag- og yrkesutdanning. Den store arbeidsinnvandringa til fylket og landet vårt skuldast m.a. mangelen på kvalifisert arbeidskraft. Undersøkinga både i LO og NHO viser at det er stor mangel på faglært arbeidskraft innan bygg og anleggsteknikk, elektrofag, teknikk og industriell produksjon, matfag samt helse og oppvekstfag.

Ei utdanning innan yrkesfag startar som hovudregel med to år på ein vidaregåande skule og deretter to år i lære i ei bedrift. Etter fullført læretid går alle opp til fagprøve og får eit fagbrev. Seinare kan ein ta meisterbrev. Etter fagbrev kan ein gå ut i arbeidslivet eller starte eiga bedrift. Etter fullført fagbrev og evt. praksis ligg også vegen open for høgare utdanning. Det er diverre alt for lite kjennskap til denne utdanningsvegen. Eitt år med påbygg i allmennfag til generell studiekompetanse er ei mogelegheit. Y-vegen til ein fagskule eller ein høgskule eller eit universitet er ein annan utdanningsveg. Er du t.d. elektrikar med fagbrev, kan du kome direkte inn på elektroingeniørstudiet utan å ha generell studiekompetanse.

Bedriftene våre vil ha den beste arbeidskrafta. All erfaring viser at dei mest etterspurde ingeniørane er dei som har arbeidserfaring gjennom eit fagbrev. Desse har med seg praktisk arbeidserfaring og ein kompetanse som er «gull verdt» for næringslivet. Ein annan fordel med å velje yrkesfag, er at det er lett å komme seg ut i arbeidslivet. I læretida har lærlingane også løn sjølv om den ikkje er særleg høg. På denne måten opparbeider ein seg ikkje studiegjeld.

Om lag 30% av arbeidsstyrken i Sogn og Fjordane har utdanning frå høgskule eller universitet. Denne prosenten er veksande. Det er bra at mange tek høgare utdanning. Men alle ungdomane våre kan ikkje ta høgare utdanning. Samfunnet og næringslivet «skrik» etter personar med fagkompetanse. Dei fleste jobbane i dag krev fagbrev eller ei anna form for spiss- eller spesialkompetanse. Velferds- og næringsutviklinga krev at vi får ut fleire elevar frå den vidaregåande skulen med fagbrev og fagkompetanse. Difor er det viktig at styresmaktene og dei vidaregåande skulane har fokus på korleis vi kan gjere dei yrkesretta utdanningane betre og meir tilpassa behova i samfunnet og arbeidslivet.

Ein viktig del av diskusjonen om yrkesval er å heve statusen til yrkesfaga. Både næringslivet, foreldregenerasjonen, lærarar, rådgjevarar og politikarar må bli flinkare til få fram behovet for yrkesfagleg kompetanse. Kvar på vår plass må vi bli langt flinkare til «å prate opp» og marknadsføre yrkesfaga i den vidaregåande skulen. På denne måten må vi få fleire elevar til å ta ei yrkes- og fagutdanning.

Til toppen