SAMARBEID: Trude Klingenberg spør om det er bekymringa for arbeidsplassar som skal dra ut prosessen.
SAMARBEID: Trude Klingenberg spør om det er bekymringa for arbeidsplassar som skal dra ut prosessen.

MEININGAR

Meiningar: Me treng ei felles barnevernsteneste innan våren 2019

Eit samarbeid mellom Årdal, Lærdal og Aurland kan gjere det mindre ubehageleg å gje og motta hjelp, samt sikre eit sterkare fagmiljø.

Frå talarstolen i 2016 tok eg føre meg at Årdal barnevern skulle slått seg saman med Lærdal og Aurland barnevern. Her tok eg opp nokre utfordringar som framleis er like relevante.

Me bur i ei bygd der dei fleste veit kven alle er. Forholda er små og tette, som gjer oss sårbare åleine. Me har faktisk inga aning om kva som foregår i huset til naboen. Som barnevernstilsett kan ein møte familiar ein hjelper i ulike sosiale samanhengar som f.eks. i barnehage, ulike arrangement, eller på butikken. Dette kan fort skape eit ubehag for den familien som får hjelp, og den tilsette som yter hjelp.

Ved å slå saman barnevernet i desse tre kommunane, skapar me ein større arena. Det positive med dette er at ein kan jobbe på tvers av kommunane og ikkje alltid i sin eigen kommune.

Ein får eit større fagmiljø, som ein kan diskutere utfordringar med. Barnevernet er ein viktig instans, for deira oppgåve er å gjere det som er best for barnet. 

Vårt mål må faktisk vere å ta vare på dei sårbare i denne situasjonen, som er familiane.

Trude Klingenberg (Sp)

Det dreiar seg om kompetanseheving

Eg er veldig glad for at dette er ei sak som er satt på dagsorden. I Sogn Avis førre veke las eg at ordførar i Lærdal ynskte fortgong i denne prosessen. Eg kunne ikkje vore meir einig med Jan Geir Solheim, og eg skulle helst sett at dette vart ein realitet innan våren 2019.

Eg las også at ordførar i min eigen kommune nemner arbeidsplassar og lokalisering. Eg skjønar at ein blir bekymra over arbeidsplassar, men er det denne bekymringa som skal dra ut prosessen? Skal me sitje på kvar vår haug og verne om alt som er vårt?

Tenk på at me skapar eit tryggare tilbod til innbyggjarane våre ved å vere del av eit større fagmiljø. Det dreiar seg om kompetanseheving, rettleiing og fleire å spele på lag med og diskutere utfordringar som ein står ovanfor med.

Vårt mål må faktisk vere å ta vare på dei sårbare i denne situasjonen, som er familiane! Press på, dette er ingenting å vente med. Årdal Senterparti krev ei felles barnevernsteneste for Årdal, Lærdal og Aurland innan våren 2019!

Til toppen