KRITISKE: Sogndal SV, som leiar Vibeke Johnsen i Sogn og Fjordane SV er kommunstyrerepresentant for, er kritiske til måten leiinga i Sogndal kommune har handtert rapporten om Sogn barnevern.
KRITISKE: Sogndal SV, som leiar Vibeke Johnsen i Sogn og Fjordane SV er kommunstyrerepresentant for, er kritiske til måten leiinga i Sogndal kommune har handtert rapporten om Sogn barnevern. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

MEININGAR

Meiningar: – Naudsynt å krevja eit ekstraordinært kommunestyremøte

– Kommunestyret må gje kontrollutvalet i oppdrag å offentleggjera rapporten snarast råd, skriv Sogndal SV, som er kritiske til måten kommuneleiinga har handsama den mykje omtala barnevernsrapporten.

Meiningar: Handsaminga av rapporten om Sogn barnevern har no komme inn i ein svært uryddig fase. Kommuneleiinga ved ordførar og rådmann må ta mykje av skulda for dette, ved at dei legg opp si eiga sakshandsaming på sida av kontrollutvalet. Formålet med at kontrollutvalet skal handtera saka på vegner av kommunestyret, er nettopp at dei som vert granska ikkje skal ha innverknad på sakshandsaminga.

Ordføraren sitt åtak på Arbeidsmiljøspesialistene, bestilling av eit rapportsamandrag etter eigne spesifikasjonar og treneringa av hovudverneombodet sin tilgang til rapporten er døme på slik uryddig sakshandsaming.

Dersom det syner seg at sitjande leiarar i sektoren har fått kritikk i rapporten, og at dei via rådmannen har fått tilgang til personinformasjon om dei som kritiserer utan samtykke frå dei involverte, er også rådmannen på tynn is.

SV ser no eit klårt behov for at det vert teke politisk styring på saka, også fordi angrep på FO sitt fylkeslag frå Sogndal kommune si administrative leiing ikkje er ein arbeidsgjevarpolitikk som SV kan stilla seg bak. Det er etter vårt syn naudsynt å krevja eit ekstraordinært kommunestyremøte som kan trekka opp linene for vidare handsaming av saka.

Kommunestyret må gje kontrollutvalet i oppdrag å offentleggjera rapporten snarast råd, etter redigering av private opplysningar der informanten ikkje har gjeve samtykke til at desse kjem fram. Det må også presiserast at kontrollutvalet skal legga fram saka for kommunestyre og eventuelt formannskap i forkant. Administrasjonen har inga rolle i sakshandsaminga før kommunestyret har gjort sitt vedtak. Kva rolle administrasjonen har i etterkant, vil vera avhengig av kommunestyret si vurdering av saka.

Til toppen