MERKTE: Hjort som gjekk i dalbotnane i Lærdal, Årdal og Hol vart merkte i vår – eit prosjekt for å kartleggja hjorten sine trekk i samband med utbrotet av skrantesjuke på villrein i Nordfjella. Forfattaren av lesarinnlegget fryktar at hjortane vert smitta av skrantesjuka om ikkje villreinstamma i Nordfjella vert gjort til inkjes.
meiningar
MERKTE: Hjort som gjekk i dalbotnane i Lærdal, Årdal og Hol vart merkte i vår – eit prosjekt for å kartleggja hjorten sine trekk i samband med utbrotet av skrantesjuke på villrein i Nordfjella. Forfattaren av lesarinnlegget fryktar at hjortane vert smitta av skrantesjuka om ikkje villreinstamma i Nordfjella vert gjort til inkjes. (Foto: Arkiv)
meiningar

Meiningar: – No er det brann i Nordfjella

– Kva rett har me til å påføra hjortedyra våre så enorme lidingar, spør Steinar Starheimsæter seg i dette lesarinnlegget. Han meiner me ikkje kan påføra hjortedyra dei store lidingane det er å risikera å lata skrantesjuka spreia seg vidare. 

Meiningar: Når det oppstår brann i tettbygde strøk, får brannvesenet det ekstra travelt. Kvart minutt tel. Dei greier kanskje ikkje redda huset, men hindra at brannen spreier seg.

No er det brann i Nordfjella. Ein dødeleg og smittsam sjukdom er påvist i reinsflokken. Villreinen går som me alle veit tett i store flokkar. Ein må handla utifrå det ein veit, og ikkje det ein trur ein veit. Tiltak må setjast i verk no, og ikkje om eit år eller to. Staten har difor vedteke å ta ut alle reinane for å stoppa sjukdommen. Nokre meiner ein skal venta å sjå.

Me må gjera eit forsøk

Det er so eg røyter både hår og negler. Slik ordla han seg læraren eg hadde, når noko var retteleg gale. Når hjorten får smitten er situasjonen komen heilt ut av kontroll, og me må leva med den til evig tid. Kva rett har me til å påføra hjortedyra så enorme lidingar?

Å isolera smitten, og fjerna vertane er ein utprøvd og effektiv metode for å stoppa smittsame dyresjukdommar. Landet vårt er dyktige på å bekjempa slike, og dette blir lagt merke til. Me eksporterar stadig meir genar til heile verda, no sist til Kina. Dette er i husdyrhaldet.

Ute i naturen blir noko heilt anna, men gyrosmitten i elva er borte etter 20 år og det utan at verten er fjerna. Det er stort å få oppleva dette. Skrantesjuka er ny og upløgd mark, og vegen blir til mens ein går. Det kan lukkast ved å ta ut dyra, men det kan også alt vera for seint. Ein må i alle fall gjera eit forsøk, noko anna er heilt uforsvarleg. 

Ein stor dyretragedie

Mange meiner det er fælt å skyta ned all reinen, det er eg heilt einig i. Ekstra ille er det å avliva all rein som er frisk, og det er dei aller fleste. Hadde det endå vore ein metode for å påvisa sjuke dyr mens dei levde. Der er me ikkje i dag. Eg får tårer i augo når eg tenkjer på det dramaet som går føre seg i fjella våre i desse dagar. No er det minst eit halvt år til den siste reinen blir avliva. Dersom hjorten i området er blitt smitta, er det vel ingen grunn til å fjerna all reinen, då må me vel leva med sjukdommen. Det er uansett viktig å ta ned stamma på både hjort og rein, slik som no blir gjort. Mine tankar går til villreinen som dessverre må bøta med livet, men også til mannskapet som står for den krevjande jobben, midt på vinteren, høgt til fjells.

Til toppen