ØNSKJER NYTT HALLALTERNATIV: Sogndal idrettslag ønskjer at det skal bli bygd ein ny fleirbrukshall og basishall i Sogndal.
ØNSKJER NYTT HALLALTERNATIV: Sogndal idrettslag ønskjer at det skal bli bygd ein ny fleirbrukshall og basishall i Sogndal. (Illustrasjon: Stiv kuling)

Meiningar: No er det grunnskulen og breiddeidretten sin tur

Ein ny leigeavtale mellom Sognahallen og kommunen vil undergrava ambisjonane til idrettslaget om å realisera ny fleirbrukshall og basishall, skriv leiar Cecilie Thaule Løvlid i Sogndal idrettslag.

Meiningar: No er det på tide at breidde- og hallidrettane vert prioriterte i samanheng med utvikling av anlegg i Sogndal kommune. Gruppene i Sogndal idrettslag (SIL) må i dag leige seg inn og nytte alle slag areal i og utanfor sentrum av Sogndal for å kunne gje dei som ynskjer det eit tilbod.

Nokre grupper har ventelister og andre kan ikkje drive med aktiv rekruttering fordi det ikkje er mogleg å oppdrive eigna treningsareal. I ei tid der fysisk fostring og aktivitet for alle er eit mantra er dette faktisk ikkje idrettsbygda Sogndal verdig.

KLAR TALE: Leiar Cecilie Thaule Løvlid i Sogndal idrettslag meiner ein ny leigeavtale mellom kommunen og Sognahallen vil undergrava deira eigne hallambisjonar.

SIL har utøvarar på alle nivå og fleire utøvarar frå naboidrettslag og nabokommunane i ulike idrettsgreiner. Alle idrettslaga i Sogndal kommune er store bidragsytarar innan folkehelse, para-idrett, breiddeidrett og toppidrett. Alt dette går hand i hand.

Fleirbruks- og basishall er det Sogndal treng

Kvåle skule treng areal tilsvarande 1000 kadratmeter per veke til undervisning. I SIL sin moglegheitsstudie viser vi korleis plasseringa vil legge til rette for ei utviding av undervisningsareal, betre kroppsøvingsundervisning og FYSAK. Både fleirbrukshallen og basishallen vil vere av stor nytte for grunnskular og barnehagar.

SIL treng ein fleirbrukshall. Idrettsborna driv med publikumsidrett. Ein treningshall stettar ikkje behova for å kunne arrangere for eksempel handballkampar og turneringar, graderingar i Teakwondo eller turnstemner.

Fleire grupper i SIL har vore tvungne til å seie nei til å vere arrangør for større arrangement fordi det manglar innandørs flater og eigna areal. Handballgruppa måtte for eksempel seie nei til å arrangere Fylkesmeisterskap fordi det ikkje er stort nok publikumsareal i Sogndal idrettshall. 

Behovsanalysane syner at ein ny fleirbrukshall vil vere fullbooka kvar dag på dagtid av Kvåle skule. Og sjølv om høgskulen og Sogndal vidaregåande skule har andre avtalar eller eigne areal kan dei òg på sikt bli leiketakarar.

Avtalen mellom Sogndal kommune og Sognahallen AS

Formannskapet vedtok i november å setje av 200.000 kroner til vidare utgreiing av SIL sitt alternativ. Det er vi svært takksame for. Det er likevel eit stort «men» her.

Ein ny avtale mellom Sognahallen og Sogndal kommune over ti år, med opsjon på ti nye, vil undergrave kommunen som bidragsytar til eventuell framtidig fleirbruks- og basishall. Då er den vidare utgreiinga lite verdt. Med ein slik avtale vil det nemleg ikkje vil vere kommunale leigetakarar i ein ny fleirbruks- og basishall dei neste 10-20 åra. Det er då ikkje økonomisk grunnlag for ein ny fleirbruks- og basishall.

SIL ber difor om at kommunestyret sikrar at ein ny avtale med Sognahallen AS ikkje hindrar ei realisering av ny fleirbruks- og basishall ved Kvåle skule.

Sogndalmodellen

Sogndalsmodellen er i utgangspunktet god, men den har eit grunnleggande problem. Problemet er at den inneber eit kostnadsnivå som betyr at SIL -og andre idrettslag- sine idrettar framleis må søkje lokale andre stader.

Det er difor på tide med ein nøye gjennomgang av denne modellen og sjå på korleis ein kan vidareutvikle den - slik at den òg gjev idrettslaga i kommunen det dei treng for å kunne gje eit godt og rimeleg tilbod til alle som ynskjer å vere aktive.

SIL utfordrar politikarane i Sogndal kommune til å gjere dette.

Der det er vilje er det veg

SIL ber om at alle dei politiske parti i kommunen tenkjer framtidsretta og legg pengar i potten for at barn, unge og vaksne skal få eit godt idrettsleg breiddetilbod, og elevar og lærarar ved Kvåle skule endeleg skal få gode lærings- og undervisningsforhold.

Og tenkjer over sitt særskilte ansvar som regionsenter, vertskommune for vidaregåande elevar og studentar ved Høgskulen på Vestlandet.

SIL og NIF sin visjon er Idrettsglede for alle og Sogndal kommune sin visjon er Bli med på laget. Det er i praksis to sider av same sak. No har politikarane ein gyllen sjanse til å vidareutvikle sogndalsmodellen, gje grunnskulen og breiddeidretten eit etterlengta tilbod gjennom ein ny fleirbruks- og basishall. No er det grunnskulen og breiddeidretten sin tur.

Til toppen