KAMPSAK: I Sogndal står politikarane samla i kampen for at autistiske Abenezer skal få lov til å bli i Norge og bygda. Dei meiner saka eksemplifiserer at barn har dårlegare rettsvern enn vaksne.
KAMPSAK: I Sogndal står politikarane samla i kampen for at autistiske Abenezer skal få lov til å bli i Norge og bygda. Dei meiner saka eksemplifiserer at barn har dårlegare rettsvern enn vaksne. (Foto: Josef Benoni Ness Tveit)

Politikarane i Sogndal vil ha betre rettstryggleik for asylbarn

Fem av gruppeleiarane i Sogndal oppmodar regjering og Storting om å endra regelverket, slik at born som autiske Abenezer får same vern som vaksne med same liding.

Sogndal: Margrete Haug (KrF), Eva Ramstad (V), Vibeke Johnsen (SV), Kjetil Kvåle (Ap), Laura Kvamme (Sp) og ordførar Jarle Aarvoll (Ap) ønskjer at asylreglane blir endra. 

Dagens asylreglar for opphald på humanitært grunnlag femnar ikkje om born med psykiske lidingar, som til dømes alvorleg autisme. Slike diagnosar blir difor ikkje tekne omsyn til i vurderinga av asylsøknader på humanitært grunnlag, slik tilfellet er for vaksne med psykisk sjukdom. 

Difor har psykisk sjuke born ikkje det same vernet som vaksne, skriv dei seks politikarane i eit felles opprop.

Der minner dei om at det heller ikkje finst støtteordningar for å refundera kommunale utgifter til mellom anna spesialpedagogiske tiltak for asylborn med særskilte behov, tenester som er naudsynte så lenge borna oppheld seg i Norge. 

Dei ber difor regjering og Storting om å følgja opp Barnekonvensjonen, og endra regelverket slik at det òg omfattar psykiske lidingar hjå born og at det ikkje handsamar born med særskilde behov ulikt.

Til toppen