TRE FAKTORAR: Henrik Oppen meiner det er tre faktorar for videgeråande skular i fylket som er viktig å bringe inn i den nye fylkeskommunen for å halde ved like kvaliteten på utdanninga.
meiningar
TRE FAKTORAR: Henrik Oppen meiner det er tre faktorar for videgeråande skular i fylket som er viktig å bringe inn i den nye fylkeskommunen for å halde ved like kvaliteten på utdanninga. (Foto: Pressefoto)
meiningar

Meiningar: – Samarbeid mellom skule og næringsliv er avgjerande  for å utdanna fleire fagarbeidarar

– Det vil vera viktig å vidareføre dette inn i ein ny og større fylkeskommune, seier Henrik Oppen, fylkestingsrepresentant Sogn og Fjordane Arbeidarparti, og medlem av hovudutval for opplæring dette lesarinnlegget.

Vidaregåande opplæring er ei av dei store samfunnsoppgåvene som er lagt under regional folkevald styring. Å gje ungdom eit godt opplæringstilbod er i seg sjølv det viktigaste, men også korleis tilbodet er organisert og drifta er viktig i eit distriktspolitisk lys.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har i ei organisering med små- og mellomstore skular, gjeve eit opplæringstilbod som etter alle parameter og offentleg statistikk over år har gjeve gode resultat.

Både for gjennomføring, resultat og lågt fråfall har vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane lege i landstoppen. Eit desentralisert opplæringstilbod som er tilpassa og dimensjonert utifrå fylket sitt spreidde busetnadsmønster, og fylket sitt elevgrunnlag.

Det er viktig å oppretthalde og vidareføre eit sterkt desentralisert tilbod for vidaregåande utdanning. Og det vil vera like viktig å vidareføre dette inn i ein ny og større fylkeskommune.

Skuleplass nær heimstaden

Elevane skal ha rett på eit likeverdig offentleg utdanningstilbod i nærleiken av heimstaden, så vél i dei store byane som i bygdesamfunn i distrikta. 

Å gje eit tilbod som gjev elevane i så stor grad som råd, mogelegheit til å bu på heimstaden i vidaregåande alder, er eit av dei viktigaste og sterkaste tilboda som kan gjevast på lokalt og regionalt nivå.

At så få 16 åringar som mogeleg må ut på hybeltilvære, dersom dei ikkje ynskjer det sjølve.

Å tilby vidaregåande opplæring utifrå ein desentraliserert modell gjev ungdommen tryggheit i eigne lokalsamfunn. Dette fremjar og samfunns- og livskvaliteten i distrikta, utifrå at også denne aldersgruppa er ein viktig ressurs for gode og sterke lokalsamfunn.

Det trengst fleire fagarbeidarar

Eit vidaregåande opplæringstilbod i samspel med lokalt næringsliv, der fag – og yrkesopplæringa er tilpassa lokale behov for arbeidskraft. Fag – og yrkesopplæringa har fått auka fokus siste åra, og 2018 er utpeika til fagopplæringa sitt år.

Det trengst fleire fagarbeidarar. Både i offentleg sektor og i privat sektor trengst det å få utdanna fagarbeidarar til å byggje og drifte velferdssamfunnet vidare.

Når utdanninga føregår ved dei lokale skulane ute i distrikta, er tilbodet ved skulane tilpassa det lokale næringslivet. Når eit distriktsfylke som Sogn og Fjordane kan ha fleire små og mellomstore skular spreidd kring i fylket, er det i stor grad mogeleg å få til samspel og samarbeid med lokalt næringsliv om behov for arbeidskraft.

Overgangen mellom VG2 i skule og opplæring i bedrift er ein av dei viktigaste fasane å ha fokus på, for å halde ei god gjennomføring ved vidaregåande opplæring. Mykje går på dimensjoneringa av tilbodet, og kjennskap til lokalt og regionalt næringsliv sine behov for arbeidskraft, og tilgang på læreplassar.

Nært samarbeid mellom skule og næringsliv er ein avgjerande faktor for å få utdanna fleire fagarbeidarar. Den lokale kunnskapen er avgjerande viktig på dette feltet.

Videregåande viktig for samfunnsutvikling

Utdanningsinstitusjonar som viktige arbeidsplassar både som breidde i arbeidsmarknaden og hjørnesteinar i lokalsamfunn.

Det er stor fokus på offentlege arbeidsplassar i distrikta. Utdanningsinstitusjonane er store og viktige arbeidsplassar der dei er lokaliserte. Det er stor fokus på statlege arbeidsplassar, men fylkeskommunane har og svært mange arbeidsplassar mellom anna ved dei vidaregåande skulane.

Det er stort fokus på at det må vere arbeid til to, og ikkje berre den eine i ein familie, for å få tilflytting i lokalsamfunna. I eit slikt bilete er offentlege arbeidsplassar utover kommunal tenesteproduksjon svært viktige for å skape breidde i arbeidsmarknaden.

Dei vidaregåande skulane fungerer også i stor grad som ressurssenter og hjørnesteinar i bygdene. I samspel med lokalt og regionalt næringsliv og kommunane, er dei vidaregåande skulane viktige aktørar for samfunnsutviklinga.

Til toppen