TAUS: Jarle Aarvoll har fått høve til å svara på spørsmåla frå FO Sogn og Fjordane, men har ikkje svart på tilbodet. Rådmann Jostein Aanestad takka nei til å kommentera lesarinnlegget.
meiningar
TAUS: Jarle Aarvoll har fått høve til å svara på spørsmåla frå FO Sogn og Fjordane, men har ikkje svart på tilbodet. Rådmann Jostein Aanestad takka nei til å kommentera lesarinnlegget. (Foto: Halvor Farsund Storvik/arkiv)
meiningar

Meiningar: Seks spørsmål til ordføraren om handteringa av barnevernet

– Våre medlemmar opplevde i 2016 å bli mobba, trakassert og isolert ut av jobbane sine, skriv Fellesorganisasjonen på vegner av 18 tidlegare tilsette i Sogn barnevern.

Meiningar: Ordførar og gruppeleiar i Sogndal Ap har no nyleg, og ved tidlegare høve når rådmann har vore under press, uttalt at dei er svært oppteken av kommunestyret sitt arbeidsgjevaransvar ovanfor rådmann.

Mange av FO sine medlemmar (FO er fag- og profesjonsforbundet for 28.000 tilsette og studentar, mellom anna innan barnevern red. anm.) er det siste året blitt kontakta av folkevalde frå SV, V, Frp, H, Sp og Krf på bakgrunn av at dei er opptekne av arbeidstilhøva for alle tilsette i Sogndal kommune. Ingen av dei 8 folkevalde frå Ap har teke kontakt. Arbeiderpartiet sitt partiprogram for 2017-2021 seier: «…Vi vil styrke det organiserte, anstendige arbeidslivet, slik at vanlege arbeidsfolk får betre kår.»

  • Er ikkje ordførar og gruppeleiar einige i moderpartiet si viktigaste sak?

Ordførar og rådmann vart hausten 2015 varsla skriftleg om kritikkverdige arbeidstilhøve i Sogn barnevern. Ordføraren hugsa ikkje varselet når han fekk spørsmål om det under siste kommunestyremøte 15.02.18: «Medlemmane i FO er bekymra for framtida til Sogn barnevern, og ynskjer å formidla om følgjande: Fråvær av barnevernleiar over lengre periodar frå oppstart i 2008. Pålegg frå arbeidstilsynet: leiarkultur, viser til rapport. Varslingssak frå ekstern person: handtering av varslingssak, angivarkultur. Situasjonen ved kontoret i dag: tilsette kjenner seg ikkje trygge i Sogndal kommune – tillit». Det møtte representantar frå alle kommunane som eig Sogn barnevern. Frå Sogndal kommune møtte ordførar og rådmann.

  • Hugsar ikkje ordførar varsel og møte?

Det var oppretta ei styringsgruppe for Sogn barnevern etter at Arbeidstilsynet i januar 2014 avdekka det dei omtala som ein helseskadeleg leiarstil. Vår oppleving er at frå 2016 fungerte styringsgruppa berre på papiret sidan tillitsvalde og hovudvernombodet ikkje lenger var velkomne då. Kommunalsjef Isane leia gode prosessar i Sogn barnevern, i nært samarbeid med tilsetterepresentantane. Når ho slutta hausten 2015, vart det brått sett inn andre verkemiddel av rådmann. Alle med medlemskap i profesjonsforbundet FO vart då utsett for ein metode som isolerte dei frå andre tilsette. Rådmann skildrar metoden i eit notat til kommunestyret 11.01.18: «Rådmann valde hausten 2015 å gje ansvaret til kommunalsjef Hagevik for å løyse arbeidsmiljøproblema i Sogn barnevern… arbeidsmiljøproblema i Sogn barnevern skulle løysast ved at kommunen m.a. rekrutterte nye medarbeidarar til Sogn barnevern, og at dei nye medarbeidarane ikkje måtte gå inn i eller bli ein del av konflikten i Sogn barnevern. Nye medarbeidarar vart grundig orientert om dette, og alle nytilsette skulle i 2016 berre forhalde seg til barnevernsleiar Blikra i barnevernsfagelege spørsmål og til kommunalsjef Hagevik i personalspørsmål.» Rådmann opplyser sjølv gjennom notatet at metoden er isolering av ei gruppe tilsette. Våre medlemmar opplevde metoden som svært kritikkverdig, ikkje berre for FO-medlemmar, men og for nye tilsette. Ingen av våre medlemmar lastar dei nye tilsette for det som skjedde i 2016.

  • Meinar ordførar og gruppeleiar at rådmann i 2016 har utøvd arbeidsgjevaransvar i Sogn barnevern på ein måte som har sikra at tilsette ikkje har blitt utsett for indirekte diskriminering, og at metoden ikkje er trakassering og instruks om å diskriminere tilsette på grunn av medlemskap i arbeidstakarorganisasjon?

Barnevern er eit komplekst fagfelt, det er viktig å drøfte fagleg tilnærming på breitt grunnlag. Det var bakgrunnen for etableringa av ei interkommunal barnevernteneste i 2008. Rådmann innførte ein metode der tenesteleiar ikkje vart utfordra i faglege spørsmål av tilsette med mest erfaring og kompetanse. Dei opplevde å bli systematisk isolerte frå fagleg og sosialt fellesskap. Dei vart utestengde frå faglege drøftingar i eksisterande saker og i vurderingar av bekymringsmeldingar, og vart ikkje tildelt arbeidsoppgåver. Dei opplevde å bli ignorert av leiinga ved at det kunne gå veker før skriftleg arbeid vart vurdert, ikkje bli inkludert i det som føregjekk på kontoret, ikkje bli helst på, og bli flytta til kontor lengst vekk frå leiinga og dei nye tilsette. Rådmann hevdar at alle tilsette slutta frivillig. Det er ikkje sanninga. Det er levert fleire begrunna oppseiingar i 2016, frå dei som hadde krefter til å seie ifrå. Han hevdar og at alle med behov for det fekk tilbod om omplassering, det er ei halv sanning. Berre 2 av totalt 12 fekk tilbod om anna høveleg, fast arbeid. Våre medlemmar opplevde i 2016 å bli mobba, trakassert og isolert ut av jobbane sine, og at dei ikkje kunne stå for det som skjedde i Sogn barnevern fagleg og etisk ovanfor born og familiar med hjelpebehov. Èin etter èin av våre 12 gjenverande medlemmar, med til saman over 100 års erfaring, gjekk ut i sjukmelding eller sa seg opp i 2016. Det heile enda med svikt på alle område, slik tilsynet til Fylkesmannen synte.

  • Meinar ordførar og gruppeleiar at rådmann i 2016 har utøvd arbeidsgjevaransvar i Sogn barnevern på ein måte som har sikra at alle tilsette sin verdigheit og integritet, kontakt og kommunikasjon med andre arbeidstakarar i verksemda, vart vareteke?

To teamleiarar gjekk tenesteveg med bekymring i høve rapporteringa til SSB og Fylkesmannen. Det resulterte i utilbørleg framferd mot dei i plenum, og ein teamleiar varsla om trakassering. Ho vart sjukmeldt, og søkte seinare permisjon frå stillinga si. Det gjekk 15 månader før rådmann behandla varselet. I april 2017 fekk teamleiaren svar frå rådmann der han skriv at vedkommande risikerer å få skriftleg åtvaring om ho kjem tilbake.

Arbeidsmiljøspesialitene konkluderte med brot på arbeidsmiljølova i denne saka. I juni 2016 varsla tillitsvalde på nytt om dårleg psykososialt arbeidsmiljø, og uforsvarleg saksbehandling i Sogn barnevern. Plasstillitsvald og vara vart utsett for utilbørleg framferd når dei, etter oppdrag frå toppleiinga, skulle skaffe anonymisert dokumentasjon på uforsvarleg saksbehandling. Begge vart kasta ut av Sogn barnevern sine lokale og fråteke nøklar og jobbmobilar. Det gjekk 11 månader før rådmann behandla varsla om trakassering. Plasstillitsvald fekk i svaret frå rådmann i april 2017 vite at han ser alvorleg på at det er sett fram udokumenterte påstandar som kunne svekka tilliten til Sogn barnevern og Sogndal som vertskommune. Han tok ikkje omsyn til at dei tillitsvalde vart hindra i å dokumentere påstandane, eller at Fylkesmannen under siste tilsyn i Sogn barnevern avdekka svikt på alle område. Funna avdekka at rapportering av 0 fristbrot ikkje stemde, og at det hadde føregått uforsvarleg saksbehandling i alle ledd av saksbehandlinga. Det såg rådmann bort frå under behandlinga av alle tre varsla frå FO-medlemmar i 2016.

  • Meinar ordførar og gruppeleiar at rådmann i handteringa av dei tre varslingssakene har utøvd arbeidsgjevaransvar på ein måte som verna tilsette mot trakassering eller anna utilbørleg åtferd og at rådmann ikkje har utsett dei tilsette for ulovleg gjengjelding etter varsling?

18.12.17 varsla eit FO-medlem toppleiinga i Sogndal kommune om trakassering frå ein leiar i kommunen. Vedkommande purra utan å få svar, det gjekk to månader før det kom melding om at varselet er motteke. Saka er ikkje registrert på postlista. Eit varsel, om at rådmann som arbeidstakar er utsett for kritikkverdige tilhøve, vart sendt ut til media 18.02.18. Varslaren fekk midlertidig svar etter èin dag.

  • Meinar ordførar og gruppeleiar at slik forskjellsbehandling i behandlinga av varsel frå arbeidstakarar i Sogndal kommune er akseptabelt?

Saman med 17 andre sit Ap sine 8 folkevalde i eit politisk organ med det øvste ansvaret. For å forstå kva som har skjedd, og hindre at slikt skjer i framtida, må alle folkevalde i Sogndal kommune få fullt innsyn i rapporten dei bestilte frå Arbeidsmiljøspesialistene AS. For våre medlemmar er konsekvensane så alvorlege at orsakingar ikkje er nok.

På vegner av 18 tidlegare tilsette i Sogn barnevern: Jan Egil Haugland, fylkessekretær FO Sogn og Fjordane og Ann-Kristin Nygård fylkesleiar FO Sogn og Fjordane.

Til toppen