KLAR TALE: Senterpartiet i Sogn og Fjordane og Hordaland er ikkje nøgde med omlegginga av Vestlandsrevyen. Fylkesleiarane Sigurd Reksnes (Sogn og Fjordane) og Jostein Ljones (Hordaland) krev kvarterslange hovudsendingar som før.
KLAR TALE: Senterpartiet i Sogn og Fjordane og Hordaland er ikkje nøgde med omlegginga av Vestlandsrevyen. Fylkesleiarane Sigurd Reksnes (Sogn og Fjordane) og Jostein Ljones (Hordaland) krev kvarterslange hovudsendingar som før. (Foto: Eirill Indrebø/Sp)

MEININGAR

Meiningar: Senterpartiet krev å få tilbake «gamle» Vestlandsrevyen

– Me treng ei ei rikskringkasting som er til stades i heile landet og som løftar lokale saker opp på den regionale og nasjonale arenaen, skriv fylkesleiarane for Sp i Sogn og Fjordane og Hordaland.

Meiningar: Senterpartiet i Sogn og Fjordane og Hordaland vil ha ei rikskringkasting som er nær folk og som løftar fram viktige saker for innbyggjarane på dei regionale og nasjonale sendeflatene.

Dagens omlegging av distriktssendingane fører til det motsette. Sendingane må utvidast slik at samfunnsoppdraget til NRK vert teke vare på, og alle delar av folket har eit godt tilbod.

Mediebransjen går gjennom store endringar der det vert færre journalistar i avisene. Då treng vi ei rikskringkasting som er til stades i heile landet og som løftar lokale saker opp på den regionale og nasjonale arenaen.

Senterpartiet i Hordaland og Sogn og Fjordane krev at vi får tilbake ei hovudsending på Vestlandsrevyen på 15 minutt.

Til toppen