OPPLÆRING: Her får jegarane i Lærdal opplæring i korleis dei tek hjerneprøvar. I dette lesarinnlegget argumenterer Olav Grøttebø for kvifor han meiner det bør settast av enno meir tid til kartlegging av skrantesjuka.
meiningar
OPPLÆRING: Her får jegarane i Lærdal opplæring i korleis dei tek hjerneprøvar. I dette lesarinnlegget argumenterer Olav Grøttebø for kvifor han meiner det bør settast av enno meir tid til kartlegging av skrantesjuka. (Bilde: Lars Nesse)
meiningar

Meiningar: – Siste ord til  direktørane i Mattilsynet og Miljødirektoratet

Lærdølen Olav Grøttebø har resignert i kampen for å få bevare Nordfjella-reinen, men har likevel eit par avsluttande ord han skulle ha sagt.

Meiningar: Dei ulike direktørane har i tur og orden vore ute i media med skremselspropaganda – forsvarstalar for dei planlagde handlingar. Ein kan misunne dykkar overtyding.

Det finst ingen fasit på utfordringa, men folk flest saknar fleire hypotesar og strategiar, samt konsekvent prøvetaking og tydeleg statistikk på dette. Det vert snilt sagt å omgå sannheita, når Mattilsynet presenterer prøvetakinga for 2017 utan å differensiere på metode. Veterinærane har i år lært at lymfeprøvar er meir sensitive og gjev derfor oftare eller tidlegare utslag enn hjerneprøvar. For Nordfjella-reinen sin del er det berre fire slike prøvar som syner smitte. Det siste tilfellet synte  òg smitte i hjernen. Det er såleis ein «tåkelagd» statistikk direktorata legg fram for allmenta og landbruksministaren.

Underteikna sitt oppsett under fortel ei meir presis sanning. Det er berre analysert 60 lymfeprøvar av ein bestand på 10000 dyr på Hardangervidda, medan det i Nordfjella er analysert lymfeprøvar frå alle 600 felte dyr. Tal lymfeprøvar teke på tamrein er uvisst, det er absolutt på sin plass at Mattilsynet no kjem med ordentlege statistikkar. Alder på dyr spelar òg ei rolle, det må takast prøve av eldre dyr og i tamreinflokkar. Der vert det vanlegvis slakta unge dyr. Såleis har ein lite grunnlag til å seie at område utanfor Nordfjella ikkje har denne smitta, sjølv om dette ligg som ein føresetnad i strategien til Mattilsynet.

Område

Bestand

Hjerneprøver
(Utført/positive)

Lymfeprøver
Utført/positive

Nordfjella

Ca. 2200

606/1

606/4

Hardangervidda

Ca. 10000

926/0

60/0

Definisjonen på når ein skal rekne dyr som sjukt har vore omdiskutert. Det er fyrst ved positiv hjerneprøve ein kan seie dyret er sjukt. Såleis er det berre funne eitt sjukt dyr i år. Når eit dyr fyrst er sjukt, så kan ein lett tenkje seg at det ikkje klarer å fylgje flokken, ikkje finn seg mat og dør raskt, spesielt vinterstid. Så det er eigentleg lite sannsynleg å finne sjuke dyr i den normale jaktperioden – dei har det tøffast om vinter og vår – når folk flest ikkje er i desse fjella.

Mattilsynet si einaste hypotese så langt er:

  • Smitte er berre i Nordfjella – ikkje andre stadar
  • Det er svært smittsamt
  • Smitta er innført i det siste og ein er i ein tidleg fase av utbrot

Tiltaket til Mattilsynet er som kjend å sanere denne bestanden (ein heilt vanleg tankegang for eit direktorat som er vande med å handtere husdyr). Mattilsynet ser ikkje viktigheita av betre kartlegging av Hardangervidda. Eitt eller to år til med prøvetaking av lymfer vil vere avklårande for hypotesen om at det berre er i Nordfjella at det finst smitte. Sjølv direktørane har uttalt at dersom ein finn smitte i andre område – ja, så er situasjonen heilt annleis. Eg tolkar det som at då må ein ha ein annan strategi. 

Dei fleste andre folk kan lett sette fram fleire hypotesar. Til dømes kan ein alternativ hypotese vere:

  • Smitte finst naturleg fleire stadar allereie og kan ikkje fjernast
  • Sjukdomen er ikkje så smittsam
  • Det er ulik genetisk resistans hjå dyra – nokre held sjukdomen unna i heile livslaupet

Kva er tiltaket i forhold til denne hypotesen? Nokre meiner at dette må gå sin gang. Ja, kanskje har det gått sin gang i veldig mange år? Etter det eg har fått opplyst har Veterinærinstituttet funne at det er minst to ulike genotypar rein i Nordfjella, der den eine er meir mottakeleg for smitte enn den andre. Er ikkje dette teikn på at det har vore ein genetisk utviking i resistens – naturens respons på ein trussel ?

Saneringsplanen og tidsperspektivet for denne har mange negative aspekt:

  • Omfang av smitte i Noregs land er ikkje kjend
  • Total sanering øydelegg genetisk mangfald med til dels utvikla resistens
  • Tidsplanen og metodar verkar urealistiske og gjev stor fare for dyreplageri
  • Statens naturoppsyn sine tilsette vert pålagde uetiske oppgåver, i ei årstid og med eit tidsaspekt som set deira tryggleik og helse i fare
  • Gjennomføringa er svært kostbar, 35 personar skal i vinter jakte eller sitte på vent med løn medan uvêr ikkje gjev tilkomst
  • Attbygging er ressurskrevjande og tillegg gjev problemstillingar i form av genetikk og innavl.

Det er skuffande at Miljødirektorat ikkje legg fram meir nyanserte vurderingar i saka. Det kan tyde på at samarbeidsklimaet i «prosjektet» ikkje er det beste – kanskje har dei «negative» røystene med alternative syn fått munnkorg? 

Ein er og undrande til at institutta ikkje i større grad tek innover seg opparbeidd erfaring frå USA. Bodskapet frå USA er at smittestoffet vanskeleg kan fjernast frå naturen. Sjukdom på elg, sau og kyr i Noreg har så langt blitt karakterisert som «atypisk» og ikkje smittsamt. Funna på elg har vore i same område. Kan det vere heilt tilfeldig?

I USA har dei demonstrert at avl av sauer kan føre til nærast full resistens, dei har hatt svært få tilfelle av skrapesjuke siste åra – i motsetnad til i Norge. Om naudsynt kan ein tenkje seg at tamrein og kan avlast med slikt fokus. Villrein kan ikkje avlast, sanering av alle dyr i ein bestand vil gjere at ein mistar mangfald og moglegheit for at dei gode gena sakte men sikkert vert formeira. For villrein sin del må ein ha tolmod og stola på Darwin sin teori: Dei sterkaste vil overleva (kanskje dei aller fleste?). 

Oppsummert så er bodskapet at ved å bruke meir tid vil ein verte tryggare på kva hypotese som ein skal legge til grunn. Smittebildet gjev liten grunn til hastverk og dei negative aspekt ved saneringsplanen er betydelege.

Til toppen