KRITISK: Kommunalsjef Ole Gunnar Krakhellen i Sogndal er kritisk til måten debatten vart ført på i sist kommunestyremøte, spesielt liker han dårleg at einskildtilsette vart omtala.
meiningar
KRITISK: Kommunalsjef Ole Gunnar Krakhellen i Sogndal er kritisk til måten debatten vart ført på i sist kommunestyremøte, spesielt liker han dårleg at einskildtilsette vart omtala. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)
meiningar

Meiningar: Skal einskildtilsette vere tema i Sogndal kommunestyre?

– Det er i krevjande tider vi får testa om den politiske kutymen som er bygt opp i vårt demokratiske system står seg, eller om vi kastar den på båten for å score poeng i ein oppheta debatt, skriv kommunalsjef Ole Gunnar Krakhellen i dette innlegget.

Meiningar: Det er nok kjent for dei fleste at eg har eit politisk engasjement, og har sett behovet for å vere tydeleg på skiljelinjene mellom politikk og administrasjon. Eg trur også at eg er og har vore tydeleg på desse skiljelinjene både som politikar og som byråkrat.

Eg meiner det er slik vi kjem lengst i samfunnsutviklinga; med eit godt politisk nivå som legg dei lange linjene, med ein administrasjon som gjev råd undervegs og utfører det som vert vedteke.

I kommunestyremøtet 15.02.18 var to område som eg er involvert i, tema, det eine er kjøp av juridiske tenester og det andre er utbygging av ny barnehage i Sogndal. Begge desse temaa må vi vente oss debatt om, og viss debatten finn stad i gode former, er det eit gode for lokalsamfunnet.

Kritisk til omtale av einskildtilsette

Det er forma til debatten i kommunestyret som fører til at eg ser behov for å dele mine refleksjonar om tilhøve mellom politikk og administrasjon. Meiningsbryting om korleis vi får ein best mogleg barnehage i Sogndal kommune set eg som ansvarleg for oppvekstsektoren stor pris på.

Eg har derimot vanskeleg for å akseptere at kommunestyret forheld seg til einskildtilsette som kan identifiserast, når dei stiller spørsmål frå kommunestyret sin talarstol.

Kommunestyret forheld seg til ordføraren som ordstyrar og til rådmannen (som funksjon, ikkje som person) som representant for administrasjonen. Kommunestyret sine spørsmål må rette seg mot kva Sogndal kommune sin administrasjon, ikkje den einskilde sakshandsamar, gjer i saker.

– Uproft

Viss nokon hevdar at ein einskildtilsett i Sogndal kommune har sagt eller gjort noko, så er ikkje dette noko kommunestyret bør drøfte konkret. Spørsmål om dette må gå til rådmannen i generell form. Dette er faktisk ein måte å utvise kommunestyret sitt arbeidsgjevaransvar på, slik at det skal vere trygt og godt å vere tilsett i ein kommune. Det same gjeld når ein kommunestyrerepresentant spør om tilhøvet mellom ein tilsett i Sogndal kommune og eit firma kommunen kjøper juridisk bistand hjå.

Sjølvsagt er dette ei problemstilling som kommunestyret kan spørje om, men ikkje gjennom at ein frå kommunestyret sin talarstol spør om relasjonen mellom namngjevne personar og Sogndal kommune. Det er uproft og det er med på å gjere Sogndal kommune til ein dårlegare arbeidsgjevar.

Kommunestyret kunne ha spurt om det same ved å spørje om Sogndal kommune sikrar at habilitetsreglane vert følgt ved innleige av juridisk bistand. Då stiller ein eit generelt spørsmål som ikkje går på einskildtilsette, og då ville det ikkje vore eit problem.

Det kommunestyret bidreg til, er å skape grobotn for rykte om at ting ikkje er på stell.

Forventar gjensidig respekt

Lat meg vere klinkande klar: Rammeavtalen vi har om kjøp av juridisk bistand, vart lyst ut på anbod i Doffin vinteren 2017 og inngått i etterkant av anbod. Habilitetsreglane i forvaltningslova vert følgt når det gjeld kjøp av tenester etter denne rammeavtalen.

Som kommunalsjef er eg oppteken av korleis tilsette omtalar kommunestyret, at politisk leiing vert synt den respekt ein har krav på og at vi etterkjem dei styringssignal vi får frå kommunestyret. Eg forventar at kommunestyret har same respekten for heile administrasjonen og ikkje går direkte på einskildtilsette.

Dette gjeld faktisk også omtale av rådmannen. Det er rådmannen i Sogndal som funksjon kommunestyret stiller spørsmål til og har eller ikkje har tillit til, ikkje personen Jostein Aanestad.

Det er i krevjande tider vi får testa om den politiske kutymen som er bygt opp i vårt demokratiske system står seg, eller om vi kastar den på båten for å score poeng i ein oppheta debatt.

Til toppen