FRAMSNAKKAR: Nils Petter Støyva vil at fleire vel yrkesfag, og at kommunane og verksemdene tilbyr fleire lærlingplassar.
FRAMSNAKKAR: Nils Petter Støyva vil at fleire vel yrkesfag, og at kommunane og verksemdene tilbyr fleire lærlingplassar. (Foto: Pressefoto)

Meiningar: – For lite læreplassar til å auke tal faglærte

Søkartala til yrkesfaga veks, men læreplassane er få. Det uroar kronikkforfattar Nils Petter Støyva.

Meiningar: Om eit par veker er det studiestart. Tala viser at vel 55 prosent av dei som skal starta på vidaregåande her i fylket har valt eit yrkesfag, ein fin auke frå i fjor.
 
Tala frå Opplæringsavdelinga i fylkeskommunen viser at det er venteliste på mange av yrkesfaga ved skulane i fylket. Det er svært gledeleg, men dette må næringslivet og kommunane følgje opp med å skaffe fleire læreplassar.
 
Undersøkingar både i LO, NHO og NAV viser at det er stor mangel på faglært arbeidskraft innan bygg- og anleggsteknikk, elektrofag, teknikk og industriell produksjon, matfag og helse- og oppvekstfag.
 
Etterspørselen etter faglært arbeidskraft vil auke i åra framover. Særleg vil det bli behov for meir arbeidskraft innan omsorgsfaga. Tilgang på faglært arbeidskraft er elles ein av dei viktigaste føresetnaden for å få til vekst i tal arbeidsplassar og auka verdiskaping i næringslivet i fjordfylket.
 
Regjeringa og partane i arbeidslivet (LO, NHO, KS) har i 2018 gjennomført informasjons- og omdømmekampanjen Yrkesfaga sitt år. Kampanjen som har gått i sosiale midier og på nett, har hatt som mål å gje meir kunnskap til dei unge om yrkesfaga og arbeidslivet. Det har også vore eit mål for prosjektet å auke tal lærebedrifter og læreplassar.
 
Kampanjen ser ut til å ha gitt positiv effekt både lokalt og nasjonalt. Men det er også viktig at vi kvar på vår plass må bli langt flinkare til å framsnakke og marknadsføre yrkesfaga i den vidaregåande skulen. På denne måten kan vi få enno fleire elevar til å ta ei yrkes- og fagutdanning. 

Til toppen