I første omgang må Nyrstar/Trafigura ta på seg korona-masker, kome til Høyanger og stå til rette for fagforeiningar, kommune og lokalsamfunn, skriv Einar Rysjedal.
I første omgang må Nyrstar/Trafigura ta på seg korona-masker, kome til Høyanger og stå til rette for fagforeiningar, kommune og lokalsamfunn, skriv Einar Rysjedal. (Foto: Vilde Grimelid Oppedal / Arkiv)

MEININGAR

– Må stå til rette for fagforeiningar, kommune og lokalsamfunn

Raudt-leiar rosar kamphandling mot Nyrstar og Trafigura sitt val om å leggje ned fabrikken i Høyanger. – Vi har trua på ei slik haldning framfor ei dumsnill bøn.

Meiningar:  36 arbeidarar ved industribedrifta Nyrstar i Høyanger misser jobb og levebrød. Inkludert ringverknadar, er det sikkert nærmare 50 arbeidarar som er ramma.  

Det er mange familiemedlemar som no får dårlegare levekår og ein usikker økonomisk situasjon. 

Dette er noko av det verste. 

Men det vil også påverke heile lokalsamfunnet; svekke butikkane si omsetning og kommunen sine skatteinntekter (og dermed kommunale tenester og velferdstilbod).

— Utakk er kommunen si løn
Høyanger kommune har stilt deler av krafta si til rådvelde for Nyrstar.  Bedrifta har postadresse Leira Næringspark AS.  Dette aksjeselskapet syter for kommunen sitt behov for utleige og drift av utleigebygg til næringslivet.
Alt dette har gjeve Nyrstar ei sterkare konkurransekraft enn selskap utan slike fordelar. 

Men utakk er kommunen si løn!

Nyrstar Høyanger AS Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK/Arkivfoto

Nyrstar er eigd og kontrollert av det internasjonale storselskapet Trafigura.  Trafigura er også selskapet som leverte det farlege avfallet til Vest Tank sitt anlegg i Gulen. 24. mai 2007 eksploderte ein tank ved anlegget, og svovellukta som la seg over nærområda, gjorde mange sjuke. Eigarane av Vest Tank-anlegget blei dømt til fengsel.

Saka mot Trafigura blei lagt vekk av Økokrim.

Det er ei makt som ikkje lenger vil la seg regulere

Einar Rysjedal

Nyrstar-arbeidarane og lokalsamfunnet står her ovanfor bortimot dei verst tenkjelege utslaga av internasjonal storkapital si makt. 

Det er ei makt som ikkje lenger vil la seg regulere – i den grad internasjonal storkapital nokon gong har lete seg gjere å regulere.

Høyanger-ordførar Petter Sortland, har i media teke ei kamphaldning overfor Nyrstar og Trafigura. 

Vi har trua på ei slik haldning framfor ei dumsnill bøn. 

Einar Rysjedal

Det er bra – vi har trua på ei slik haldning framfor ei dumsnill bøn. 

Men arbeidarklassen må også sjå seg om etter ei anna samfunnsorganisering enn den kapitalistiske.  Er det framtidsretta, som i dette tilfellet, at det sit ei lita gruppe, truleg menn, og bestemmer seg for å setje kniven i eit lokalsamfunn?

Denne gruppa møttest visstnok søndag 19. juli og tok denne fatale avgjerda.

Varaordførar i Høyanger Geir Helge Østerbø (t.v., Sp) og Einar Rysjedal (t.h., R) Foto:  Vilde Grimelid Oppedal

Rett og nødvendig miljøpolitikk

Mykje kan seiast om miljøforhold rundt Eras og seinare Nyrstar.  Men «konseptet», resirkulering/utnytting av avfall som elles ville blitt deponert, er rett og nødvendig miljøpolitikk.  Ei heilt anna avfallshandtering – ein såkalla sirkulær økonomi – er altfor viktig til å bli drifta av private filialar av utanlandsk storkapital som Trafigura.  

Landet vårt treng ein annan politikk enn den som diverse Solberg-regjeringar har forsterka på sin måte. 

Vi treng eit snev av sosialisme. 

Vi treng eit snev av sosialisme

Einar Rysjedal

Statleg industri-reising og folkevald styring av bedriften, m.a. å bli dominerande i ein sirkulær økonomi, ville vore eit godt bidrag i «det grøne skiftet».  Langt grønare enn om staten framleis let vindkraftselskap bombardere fjellområda våre med turbinar, støy og iskast.

I første omgang må Nyrstar/Trafigura ta på seg munnbind, kome til Høyanger og stå til rette for fagforeiningar, kommune og lokalsamfunn.

 

Til toppen