KONFLIKT: – Uvanleg mange sau er funne hardt skada, daude eller framleis sakna. Ingen fortener å bli fråteken levebrødet sitt på ein slik måte, skriv Hilde Horpen i Senterungdomen. Illustrasjonsfoto.
meiningar
KONFLIKT: – Uvanleg mange sau er funne hardt skada, daude eller framleis sakna. Ingen fortener å bli fråteken levebrødet sitt på ein slik måte, skriv Hilde Horpen i Senterungdomen. Illustrasjonsfoto.
meiningar

Meiningar: – Viktig å redusera ulvestammen

Hilde Horpen, leiar for Sogn og Fjordane Senterungdom, meiner ulven ikkje høyrer heime i fylket, og meiner talet ulv må ned i heile Norge.

Meiningar: I dag har me ein sonepolitikk som byggjer på at enkelte rovdyr skal vera prioriterte i enkelte område og beitedyr i andre.

KLAR TALE: Hilde Horpen (Sp) vil ikkje ha ulv i Sogn og Fjordane. Foto: Arkiv

I Sogn og Fjordane er ikkje ulv prioritert. Difor burde den heller ikkje vera her, spesielt når ein ser skaden den forårsakar. Streifulvar må takast ut så effektivt som mogleg, og ulvebestanden i landet må reduserast.

Nyleg har me sett fleire eksempel på fortvila sauebønder som har opplevd at ulven har teke sauene deira, noko som har ført til store tap. Uvanleg mange sau er funne hardt skada, daude eller framleis sakna. Ingen fortener å bli fråteken levebrødet sitt på ein slik måte.

Viktig å redusera ulvestammen

Stortinget har fastsett bestandsmål for dei store rovdyra. Ulven ligg no rundt det dobbelte av eit mål som i utgangspunktet er for høgt.

Regjeringa må følgja opp dette vedtaket. Det må bli enklare å ta ut ulv som kan gjera stor skade, eller som oppheld seg i beiteprioriterte område.

I Sogn og Fjordane er ikkje ulv prioritert. Difor burde den heller ikkje vera her.

Det vil difor vera viktig å redusera ulvestammen, viss ikkje vil det bli konflikt med ulv i beiteprioriterte område. I desse områda må ein sikre rask felling av rovdyr som kjem inn, samtidig som det må jobbast preventivt ved å senka stammane av dei store rovdyra.

Støttar forlenga fellingsløyve

Om talet er stort, vil det alltid kome streifdyr i desse områda, og særleg i periodar der det er vanskeleg å fella dei.

For Sogn og Fjordane Senterungdom er det viktig at fellingsløyvet vert oppretthalde fram til det ikkje lenger er ulv i området. Sogn og Fjordane Senterungdom støttar difor Fylkesmannen som vil gje forlenga fellingsløyve på ulv fram til 30. september.

Samtidig krev me at bestandsmålet for ulv vert følgt, og at ein handlar raskt for å ta ut ulv som går utover næringsgrunnlag og livskvalitet til folk både i og utanfor ulvesona

Til toppen