Lavik: Gangvegen mellom austre delar av Lavik og sentrum, som går via Stølsvegen og Kaptein Hartwigs veg, har vore stengt sidan 26. november. Det har ført til at det ikkje er noko alternativ for mjuke trafikantar som skal den vegen anna enn å gå langs E39.

Meir arbeid enn venta med vasstilførsle – stengjer gangveg i kring éin månad til
Utfordringar med mykje fjell har gjort at arbeidet med å sikre eit byggjefelt i Lavik skikkeleg vasstilførsle har teke lenger tid enn venta. Ifølgje kommunen er det ei misforståing som gjer at ikkje det har komme betre fram at gangvegen det vert greve i vert stengt over tid.