Ventar på demonstrasjonstoget i Øvre Årdal 1. mai. Frå venstre: Helga Måren, Magne Måren, Inger Johanne Smedegård og Oddny Larsen. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen
Ventar på demonstrasjonstoget i Øvre Årdal 1. mai. Frå venstre: Helga Måren, Magne Måren, Inger Johanne Smedegård og Oddny Larsen. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Meir enn ein fridag

1. mai handlar om å heidre det arbeidet våre forfedre har gjort for dei arbeidsrettigheitene og velferdsordningane me har i dag.

– For oss er dette ein del av livet, seier Magne Måren. Porten.no tok ein prat med han, Helga Måren, Inger Johanne Smedegård og Oddny Larsen medan dei venta på at demonstrasjonstoget skulle kome fram til torget i Øvre Årdal. 

LES OGSÅ: Mørkeblå kritikk

Dei meiner at det er viktig å setje pris på rettigheitene forfedrene våre har arbeidd fram for dagens arbeidarar i Noreg.

– Ungdomane i dag går i fotspora til eldre generasjonar, seier Inger Johanne Smedegård. Med dette meinar ho at dagens ungdomar ikkje kjenner til noko anna enn dei gode ordningane som finst i dag, og at det kanskje er grunnen til at ungdomar ikkje er så synlege i markeringar som dette. 

Dei påpeiker at det er mykje bra som skjer i bygda no, og at positiviteten er komen attende blant innbyggjarane.

Stolt av å vera industriarbeidar

På Årdalstangen kom Porten.no i snakk med Line Nygård Rudrudjordet (27), leiar av Karbon Ung, ungdomsutvalet av Årdalstangen Kjemiske Arbeidarlag, og som jobbar på Hydro. 

Line Nygård Rudrudjordet (27) er stolt av å vere industriarbeidar.
Line Nygård Rudrudjordet (27) er stolt av å vere industriarbeidar.

Ho meiner at det i dag var veldig aktuelt med ein markert kampdag. 
– Arbeidsmiljølova er under angrep av sitjande regjering med vedtatte endringar som eg, og mange med meg, er sterkt ueinige i.

Ho tykkjer 1. mai er ein dag det er vel verdt å markera, og fortel til Porten.no at ho går i tog for å syna støtte og stoltheit for arbeidarane som har kjempa fram det samfunnet me har i dag. – Er det noko eg er stolt av, så er det å vera industriarbeidar, seier ho.

Til toppen