BLÅBERGGRUVENE: Utsikt over Øvre Årdal frå Blåberget. Foto: Norsk Bergverksmuseum / Bjørn Ivar Berg.
BLÅBERGGRUVENE: Utsikt over Øvre Årdal frå Blåberget. Foto: Norsk Bergverksmuseum / Bjørn Ivar Berg.

Meir enn stein og pengar

Bergverka var det norske bonde- og fiskarsamfunnet sitt første møte med moderne kapitalisme. Norsk Bergverksmuseum har no samla alle gruveområda i landet i ei ny bok.

Årdal: I 2003 byrja Norsk Bergverksmuseum å kartleggja seks statlege gamle gruver for Statens kulturminneforvaltning. Sidan har prosjektet vorte meir omfattande, og no gjev museet ut boka «Bergverk i Norge» på Fagbokforlaget. I 1992 gav dei ut eit mindre omfattande oversyn over malmverk i Noreg.

Boka har over 500 bilete og 100 kart. Redaktøren for verket, forskar ved bergverksmuseet Bjørn Ivar Berg, fortel at dette er viktige hjelpemiddel for å skildra kulturminna. Det er nemleg det denne boka er, eit tilnærma oppslagsverk for gruveinteresserte, forvaltninga og skuleverket.

Sidan prosjektet blei utvida frå å berre dekkja dei statlege til å dekkja alle gruveområda, varierer eigarskapen. I boka finn ein oversyn over både eigarskap og reguleringar av områda, men det kan sjølvsagt endra seg utan at boka vert oppdatert.

Stollen ved Williams lode viser tydeleg korleis gruvearbeidarane har følgt kvartsåren på jakt etter gull.
Stollen ved Williams lode viser tydeleg korleis gruvearbeidarane har følgt kvartsåren på jakt etter gull.

Første kapitalistiske industri

Professor i historie ved NTNU Pål Thonstad Sandvik fortel at bergverk har alltid vore knytt til makt. Heilt frå gamle høvdingar og fram til i dag. Ifølgje han var kvar tredje mann i ein del lokalsamfunn sysselsett i bergverksindustrien på 1700-talet. Bergverk har òg vore knytt til rikdom og krigar.

– Med ei slik bok kan ein sjå verdshendingane i lokalsamfunna. Det gjev oss kontekst for å forstå, seier han.

Alle fylka er representerte i boka, men nokre fylke får berre nokre få sider. Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Oslo er dei tre fylka med færrast bergverk.

Boka peikar på at bergverk er Noregs første kapitalistiske industri. Med bergverka møtte mange bonde- og fiskarsamfunn noko nytt: Store arbeidsplassar med konfliktar og hierarki, og mykje ny teknologi. Bergverka hadde ofte utanlandske eigarar. Men industrien førte òg med seg sjukestover og alderspensjon.

– Det var eit auge av modernitet, seier Sandvik.

I dei fleste andre land heng veksten av bergverksdrift saman med industrialiseringa, men slik var det ikkje i Noreg. Då den industrielle revolusjonen kom til Noreg vart bergverka mindre viktige.

Fekk kjensle av fridom

– Dette er ikkje ei bok ein les frå perm til perm, seier Kjartan Fløgstad, sjølverklært ven av industrien.

Artikkelen held fram under biletet.

Ruinane etter smeltehytta på Vignsnes koparverk. Kommunen planla først å leggja flatt tak på smeltehytta, men gav det opp for å ikkje forringa kulturminnet. No har dei lagt eit blikkbeslag over for å bremsa forfallet.
Ruinane etter smeltehytta på Vignsnes koparverk. Kommunen planla først å leggja flatt tak på smeltehytta, men gav det opp for å ikkje forringa kulturminnet. No har dei lagt eit blikkbeslag over for å bremsa forfallet.

Jamvel på eit skip til Argentina møtte Fløgstad ein fjerdemaskinist som kunne leggja ut om si tid i gruvene på Stordø.

– Eg lærer mykje eg ikkje visste. Og det er ikkje berre økonomi og geologi nede i gruvegangane, boka set i gang forfattartankar, seier han og mimrar tilbake til si mest gripande gruveoppleving i Lota i Chile.

Der både gjekk han og kraup, medan gruvegangane vart smalare og smalare, til han nådde vatnet.

– Då fekk eg ei kjensle av fridom, ikkje klaustrofobi.

Den gruva vert no øydelagd ved vatnet pressar gruvegangane mot kvarandre til alt er vekke.

Vigsnes gamle gruve, med den vassfylte gruveopninga i framgrunnen, og bygget med Vigsnes Grubemuseum i bakgrunnen.
Vigsnes gamle gruve, med den vassfylte gruveopninga i framgrunnen, og bygget med Vigsnes Grubemuseum i bakgrunnen.

Fløgstad meiner me bør bevara så mykje som mogleg av kulturminna frå gruvedrifta i Noreg, og håpar det kan minna folk om at det er gruvedrift på same viset andre stader i verda.

– Men no er gruvene med arbeidstilhøve som likna industriens tidsalder der peparen gror. Minerala i tinga me kjøper vert produserte no. Det har aldri vore fleire industriarbeidarar enn det er i dag, minner Fløgstad om.

Viktig i forvaltninga

Erling Gjelsvik i Riksantikvaren meiner boka er til god hjelp for forvaltninga, med godt oversyn over kva som er kulturminne.

– Mykje vert sett på som boss: Stumpar, jern, bygningsrestar, seier han.

Bileta i boka dokumenterer «no-tilstanden», der «no» er definert som perioden 1973– 2016. Det vil seia at noko er blitt rive under arbeidet med boka og etter at bileta er tekne.

– Det har mykje å seia kva lokalsamfunnet meiner om restane og kulturminna. Ein kan endre meining om tinga ein før såg på som stygge og i vegen. Me håpar boka kan bidra med forståing, seier Berg.

Riksantikvaren har slagordet «vern gjennom bruk», og så lenge det er sunne prosjekt er bokredaktør Berg heilt samd i at aktivitet er bra for å ta vare på kulturminna frå gruvedrifta.

I framtida håpar dei å få ut innhaldet i boka på internett, slik at ho er søkbar, men det ligg eit stykke fram i tid. Då håpar dei boka kan verta meir brukt i undervisninga på skulen. (©NPK)

Til toppen