ØNSKER BETRE BUDSJETT: Vibeke Johnsen i Kvinnepolitisk Utvalg i Vestland SV.
ØNSKER BETRE BUDSJETT: Vibeke Johnsen i Kvinnepolitisk Utvalg i Vestland SV. (Foto: Halvor Farsund Storvik / Arkiv)

MEININGAR

– Meir hjelp til valdsutsette, no!

Vibeke Johnsen, Anna Kathrine Eltvik, Eva Aarskog og Jenny Kjøsnes i Vestland SV, meiner valdsutsette kvinner får alt for dårleg hjelp grunna eit skralt budsjett.

Meiningar: Etter at koronarestriksjonane kom har fleire krisesenter meldt frå om at færre tek kontakt med dei og færre bur på krisesenter.

Vi må ikkje la oss lure. Alle som har levd i vald, veit at isolasjon systematisk vert brukt for å ta kontroll.

Aldri har det vore enklare å kontrollere og isolere, som no når det er oppfatta som normalt å halde seg mykje innandørs eller ikkje snakke så mykje med andre.

Betre budsjett til krisesenter og øyremerka midlar til etterforsking

I oktober 2020 slo Krisesentersekretariatet alarm om tronge budsjett ved senter i heile landet.

Koronapandemien har gitt sentera meirkostnadar som ekstra reinhald og bemanning, utan at det vert kompensert. Samfunnskostnadane for all kroppskrenking vil verte høge.

Når bobla sprekk, må krisesentera vere parate til å ta imot, ikkje vere ribba til beinet.

Regjeringa må snarast gje krisesentera eit romslegare budsjett.

Det må øyremerkast midlar til politiet, slik at sakene som vert oppfanga vert etterforska og handtert av rettsapparatet så raskt og godt som mogleg.

Det vil ha preventiv effekt og viktigast av alt vil det gje dei utsette ei oppreising i form av å verte trudd og tekne på alvor.

Det er eit viktig steg på vegen mot eit godt liv etter at ein har overlevd vald.

Vil bruke omvendt valdsalarm

25. november var FN sin dag for avskaffing av vald mot kvinner. Vi ber regjeringa syte for breiast mogleg bruk av omvendt valdsalarm.

SV ber og om at valdsutsette kvinner i aktiv rus får den hjelpa dei har krav på.

Dei er ei ekstra sårbar og utsett gruppe som ofte manglar tilbod.

Eit liv utan vald er ein rett som gjeld for absolutt alle innbyggjarar i landet!

Til toppen