JORDVERN: Bondelaget og Naturvernforbundet meiner matjorda er trua dersom kommunane får bestemme meir sjølv, slik regjeringa legg opp til. Foto: Jan Christian Jerving.
JORDVERN: Bondelaget og Naturvernforbundet meiner matjorda er trua dersom kommunane får bestemme meir sjølv, slik regjeringa legg opp til. Foto: Jan Christian Jerving.

Meir kommunemakt gir bekymring for jordvernet

Bondelaget og Naturvernforbundet meiner matjorda er trua dersom kommunane får bestemme meir sjølv, slik regjeringa legg opp til.

Lærdal: Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) vil at lokale vedtak skal vege tyngre og at kommunane skal kunne gå til sak mot staten dersom lokalt skjønn blir overstyrt. Det er det ikkje alle som synest er ein god idé. Bondelaget og Naturvernforbundet meiner det betyr kroken på døra for jordvernet dersom kommunane får gjere meir som dei sjølv vil, skriv Nationen.

– Forslaget får heilt klart store konsekvensar for jordvern. Vi ser det gong på gong, at kommunen "skal berre ...", og vips er meir matjord borte. Vi har behov for meir overordna jordvernpolitikk, ikkje mindre, seier nestleiar Brita Skallerud i Norges Bondelag. Ho meiner staten er betre eigna til å ta vare på det langsiktige perspektivet i forvaltinga av matjord.

Naturvernforbundets leiar Silje Lundberg meiner staten undergrev sitt eige forvaltingssystem med Sanners forslag.

– Når statens moglegheit til å gripe inn blir svekt på denne måten, vil det opne for at kommunar handlar stikk i strid med nasjonale mål og strategiar, blant anna på jordvern, meiner Lundberg.

I si tid som minister har Sanner sett foten ned i rundt to tredelar av dei sakene som har hamna på bordet hans fordi kommunar ville byggje ned landbruksjord, mens Fylkesmannen har sagt nei.

(©NPK)

Til toppen