– Meir kritisk for kvart minutt som går

Situasjonen er alvorleg for metallverket i Øvre Årdal.

Om lag 17.15 fredag ettermiddag forsvann straumen i Årdal. Medan den rimeleg kjapt kom tilbake på Årdalstangen, har det ikkje vore teikn til lys i Øvre Årdal.

Det er alvorleg for eit smelteverk som produserer aluminium ved elektrolyse under sterk straum. Eit langvarig straumbrot vil føre til at aluminium storknar.

– For kvart minutt som går, er dette kritisk no, seier fabrikksjef Egil Fredriksen til Porten.no rundt 19.50. Då har straumen vore ute i vel to og ein halv time.

 

Han seier vidare at dei har funne feilen og prøver å få straum inn frå andre plassar.

– Det er mange linjer som går inn til Årdal, men me har førebels ikkje fått det til. Det var difor straumen plutseleg forsvann på Årdalstangen. 

Det var rundt 19.30 at straumen der forsvann, men få minuttar seinare var han tilbake. 

No er spørsmålet kor lenge ein kan gå utan straum. Når klokka passerer 20.00, nærmar ein seg tre timar i svart og absolutt smertegrensa.

– Ein straumstans er alltid alvorleg for eit smelteverk. Du har nokre timar du kan klare deg utan straum, men som sagt er det alvorleg. Du kan klara deg i over tre timar, sa Odd Steinar Natvik. 

Til toppen