Meir liv i Lærdal kulturhus

MEININGAR

Meir liv i Lærdal kulturhus

Les Lærdal SVs svar til Ole Ramshus Sælthun om drifta av kulturhuset. 

  • Endret

Ole Ramshus Sælthun spør i eit velskrive innlegg om drifta av kulturhuset i Lærdal: ”Kvifor i himmelens namn og rike utsette kommunestyret saka om å finna ei driftsløysing og setja alt på spel? Han finn heller ikkje svaret når han les sakspapir.

Les også kommentaren til Sælthun: Politisk røre med mange paradoks. 

Sidan meir aktivitet i kulturhuset har vore ei hjartesak for Lærdal SV heilt sidan starten, skal me gjera eit forsøk på gje litt meir bakgrunn for denne saka.

Lite har skjedd på to år

 Me slo oss til ro med det, heilt til det synte seg at kommunestyret var feilinformert, og at Gjeraker ikkje var innleigd.

Lærdal kommunestyre sette i si tid ned ei nemnd som skulle sjå på korleis ein skulle organisera arbeidet ved kulturhuset. Denne nemnda skulle konkludera for meir enn to år sidan, men kom aldri med noka tilråding.  Me vart informerte om at arbeidet no var teke hand om av det nye næringsselskapet. Så har månadane gått, og det har ikkje komme noko verken frå den eine eller den andre. Det blir gjort godt arbeid med kulturskule og kino, men elles har det vorte mindre og mindre kapasitet til å utvikla kulturen i Lærdal. I desember 2014 spurde SV i kommunestyret om ein no hadde folk i arbeid med å planleggja sommarsesongen 2015, driva marknadsføring, ta mot tingingar og slikt. Kommuneleiinga svarte at det var i orden, Tanna Gjeraker var hyra til å gjera dette. Kommunestyret gjorde og vedtak om at saka skulle opp att på neste møte. Me slo oss til ro med det, heilt til det synte seg at kommunestyret var feilinformert, og at Gjeraker ikkje var innleigd. Dette opplevde me som sterkt beklageleg, særleg når det hadde gått så lenge utan at noko skjedde. 

På neste kommunestyremøte, så seint som 12. februar, var ikkje saka ein gong på sakskartet. Då SV etterlyste ho, var meldinga at ein venta på eit notat, så ho kunne ikkje behandlast! Kommunestyret kravde då, mot ordføraren sitt ønske, å få drøft saka likevel. Det vart brukt sterke ord i debatten, ein representant meinte at han såg ”ein vilja politikk” frå kommuneleiinga når det ikkje skjedde noko. Det vart så gjort eit vedtak om at formannskapet skulle ta opp saka på første møtet. Formannskapet bad om fleire tiltak: ei ad hoc-gruppe som kan bidra til å få meir aktivitet i huset, ei avklaring om drift for kommande sommarsesong og meir langsiktig organisering gjennom omstillingsprosjektet for Lærdal og Årdal. Formannskapet  la elles stor vekt på at det skal vera sterk politisk medverknad, også frå kommunestyret,  i arbeidet vidare med denne saka. Det er ikkje nok å berre bli informert om kva andre har avgjort. 

Marsmøtet

På møtet i mars vart så kommunestyret inviterte til å tilby oppdraget med drift av kulturhuset til ei gruppe av tre tiltakssame ungdommar, som ville oppretta eit firma for å få unna drifta kommande sommar. Firmaet var ikkje starta. Fleirtalet i kommunestyret var klare på at saka ikkje var godt nok opplyst, av to grunnar:

1. Me måtte vita meir om tilbodet frå ungdommane kunne oppfylla dei måla kommunestyret har for drifta av kulturhuset. Sælthun ser ut til å meina at fleirtalet ikkje ville tilrå framlegget frå ungdommane fordi dei er med i Sp. Ingen meiner det. Men det at ein tilbydar står på Sp-lista, fråtek heller ikkje kommunestyret ansvaret for å vurdera alle tilbod. Det trur me heller ikkje nokon meiner. Me fekk vidare høyra ‘på bygda’ at ein annan tilbydar hadde vore inne i bildet.

2. Kommunestyret måtte sikra at andre tilbydarar som har vore inne i biletet, har vore behandla skikkeleg, og at kommunen har hatt realistiske forhandlingar med dei. Me er nemleg redde for at dei har fått vita av ordførar og rådmann at det ikkje skal brukast pengar på dette frå kommunen si side. Då ligg kulturhuset dårleg an.

 Huset skal ikkje berre drivast som butikk, det skal og vera ein berebjelke i kulturpolitikken i Lærdal.

I SV har me masa i to-tre år om kvifor det i himmelens namn ikkje er gjort noko med organisering og drift av kulturhuset. Det er kommunestyret som sit med ansvaret for korleis drifta og organiseringa av Norsk Villakssenter, Sogn kunstmuseum, turistkontoret og kultursalen skal vera. Me er meir sikre enn nokon gong på at det må til politisk styring av kulturhuset vårt. Huset skal ikkje berre drivast som butikk, det skal og vera ein berebjelke i kulturpolitikken i Lærdal. No må alle som har med saka å gjera, bretta opp ermene og ta eit tak, slik at all den gode merksemda Lærdal har fått, også kan gje fleire besøkande til og meir liv i Lærdal kulturhus.

SV-gruppa i Lærdal kommunestyre

Til toppen