NEDGANG: For første gong bikkar inntektene norske kommunar har frå eigedomsskatt 10 milliardar kroner. For Lærdal sin del var det ein liten nedgang på to prosent frå året før. 
NEDGANG: For første gong bikkar inntektene norske kommunar har frå eigedomsskatt 10 milliardar kroner. For Lærdal sin del var det ein liten nedgang på to prosent frå året før. 

Meir pengar i eigedomsskatt for Kommune-Noreg

Sjekk kor mykje meir eller mindre din kommune fekk. 

Årdal/Lærdal: For første gong bikkar inntektene norske kommunar har frå eigedomsskatt 10 milliardar kroner. Auka skattar på bustader og fritidsbustader står for det meste av endringa.

I 2015 kravde norske kommunar inn 10,9 milliardar kroner i eigedomsskatt, ifølgje Kommunal Rapport. Det er halvannan milliard meir enn året før, og summen er forventa å auke når dei siste kommunane rapporterer inn sine tal.

Auka skattar på bustader og fritidsbustader sikrar over ein milliard nye kroner, medan 432 millionar kjem frå annan eigedom.

Talet kommunar med eigedomsskatt har også auka, frå 341 i 2014, til 355 i 2015.

Bergen kommune toppar lista over kven som kravde inn mest eigedomsskatt i 2015, og kan vise til ei inntekt på ein halv milliard meir enn i året før. Gjeninnføring av eigedomsskatt for bustader og fritidsbustader i 2015 står bak mesteparten av dei auka inntektene til kommunen.

Ein annan vestlandskommune står for den nest største auken. Stavanger kommune kravde inn 120 millionar kroner meir enn året før.

92 kommunar opplyser reduserte inntekter frå eigedomsskatt i løpet av 2015. Ein av desse kommunane var Lærdal, som hadde ein liten nedgang på to prosent frå 24 til 22 millionar kroner.

Årdal på si side hadde ein auke på fire prosent frå 72 til 75 millionar kroner. (©NPK)

Til toppen