STRANDRYDDING: Fylkeskommunen og Fylkesmannen løyver til saman 30 000 kroner til strandryddeaksjonen til Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane og Sunnfjord Miljøverk.​ Foto: Flickr/Bo Eide.
STRANDRYDDING: Fylkeskommunen og Fylkesmannen løyver til saman 30 000 kroner til strandryddeaksjonen til Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane og Sunnfjord Miljøverk.​ Foto: Flickr/Bo Eide.

Meir pengar til strandrydding

Fylkeskommunen og Fylkesmannen løyver til saman 30 000 kroner til strandryddeaksjonen til Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane og Sunnfjord Miljøverk.

Fylket: Strandryddedagen nærmar seg med stormskritt, og fleire stader i fylket engasjerer folk seg no for å rydda i strandkanten, der søppel og plast har hamna.

Naturvernforbundet og Sunnfjord Miljøverk etablerte i vår ei panteordning, der du får 100 kroner per sekk bos du plukkar i strandsona. Sparebankstiftinga løyvde 30 000 kr til ordninga, og dei er no brukte opp.

Difor vil fylkeskommunen og Fylkesmannen no gi tilsvarande beløp i gåve slik at ordningae helg fram. Sjølv om ordninga først og fremst gjeld Sunnfjord-kommunane, er strandrydding noko alle engasjerer seg i. Det er allereie gjort eit godt stykke arbeid rundt om i fylket.

Evaluering

No skal Sparebankstiftinga evaluere ordninga for å sjå om dette er noko dei vil vidareføre.

– Medan me ventar på evalueringa til Sparebankstiftinga, ønskjer me å gå saman om midlar for å vidareføre ordninga. Me stiller med 30 000 kroner, slik at dei som har plukka bos får panten sin, og for at andre som har planlagt rydding gjennomfører den, seier plansjef i fylkeskommunen, Synnøve Stalheim.

 

Håpar arbeidet held fram

Avfall som vert kasta på stadar det ikkje skal vere, eller fer med vind og vêr er eit utfordringa i heile landet. Kysten og strendene vert fylte opp med plast og anna avfall.

– Konsekvensane av plast i havet har kome meir på dagsorden den siste tida, noko som truleg har bidrege til at fleire engasjerer seg i å halde naturen fri for avfall, seier fylkesmiljøvernsjef Nils- Erling Yndesdal hjå Fylkesmannen.

KLIMAKOORDINATOR: Ida Beate Mølmesdal.
KLIMAKOORDINATOR: Ida Beate Mølmesdal.

Flott at mange engasjerer seg

Med midlane frå fylkeskommunen og Fylkesmannen vil Naturvernforbundet kunne betale ut panten til dei som allereie har registrert avfallet sitt, og forhåpentlegvis bidra til at planlagde ryddeaksjonar blir gjennomførte.

– Det er synd at det skal vere så mykje avfall i strandsona vår, men difor er det kjempeflott at så mange engasjerer seg for å få det fjerna. Eg håpar prosjektet også bidreg til at folk tenkjer på korleis dette avfallet har hamna der, og at me unngår at dette gjentek seg, seier klimakoordinator Ida-Beate Mølmesdal i fylkeskommunen.

Til toppen