MEIR KJØT: Ein god beitesesong i fjor skal vera forklaringa på dei gode tala. Privat arkivfoto
MEIR KJØT: Ein god beitesesong i fjor skal vera forklaringa på dei gode tala. Privat arkivfoto

Meir sauekjøt frå fjordfylket

Det er ti år sidan det vart produsert så mykje sauekjøt i Sogn og Fjordane som i 2015.

Produksjonen av sauekjøt i fylket gjekk jamt nedover frå 2005 til 2007 og har deretter halde eit rimeleg stabilt nivå. Men frå 2014 til 2015 vart det eit hopp på 226 tonn - ein auke på om lag ti prosent.

"2015 var eit godt beiteår, og det gav tunge lam og ein betydeleg produksjonsvekst", skriv Fylkesmannen i Sogn og Fjordane på sine nettsider.

Auke i alle kommunane

Både i Sogndal, Lærdal, Aurland og Årdal er det auke i perioden - om enn noko mindre enn snittet for fylket.

I Sogndal leverte sauebøndene 176 tonn kjøt i 2015, ti fleire tonn enn året før. I Lærdal gjekk det frå 128 til 132 tonn. Både i Aurland og Årdal auka produksjonen med tre tonn frå 2014 til 2015, men den prosentvise auken var vesentleg større i Årdal ettersom bøndene her leverte 24 tonn i 2015 medan aurlandsbøndene leverte 75 tonn.

Også dei andre kommunane i Sogn hadde auke, ingen kommunar i heile fylket hadde nedgang.

Den totale produksjonen av sauekjøt i fylket var på 2262 tonn i fjor . Det er bestenotering sidan 2005, då leverte sauebøndene 2342 tonn. Statistikken på landsbasis følgjer same trenden, men her var også fjoråret med 25 559 tonn betre enn 2005.

Til toppen