UTFORDRING: Ekstremvêr og vindfalne tre er ei utfordring både for kraftbransjen og skogeigarane. Eit nytt forskingsprosjekt skal no sjå på kva som kan gjerast for å styrkja skogen og sikra meir stabil kraftforsyning i Noreg. Illustrasjonsfoto: Inger Handegård / NTB scanpix / NPK
UTFORDRING: Ekstremvêr og vindfalne tre er ei utfordring både for kraftbransjen og skogeigarane. Eit nytt forskingsprosjekt skal no sjå på kva som kan gjerast for å styrkja skogen og sikra meir stabil kraftforsyning i Noreg. Illustrasjonsfoto: Inger Handegård / NTB scanpix / NPK

Meir stormsterk skog skal gje færre straumbrot

Kraftskog er namnet på eit nytt forskingsprosjekt som skal redusera skadane frå skog som fell over straumførande linjer og kraftgater.

Årdal/Lærdal: – Det endelege målet med prosjektet er å redusera talet på hendingar der tre blir liggjande over kraftlinjene og kanskje leier straum og fører til stopp i straumleveringa, seier driftsleiar Hans Peter Eidsflot i Mørenett i ei pressemelding frå Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).

Mørenett er eitt av dei fire nettselskapa som er med i det treårige prosjektet saman med Meteorologisk institutt og NIBIO. Dei andre nettselskapa er Eidsva nett, Hafslund Nett og TrønderEnergi nett.

Prosjektet skal gje råd og innspel både til kraftnæringa og skogbruksnæringa.

– Vi skal gje råd og utveksla erfaringar med dei som driv skognæring og til skogeigarar, seier seniorforskar Svein Solberg ved NIBIO. Han er leiar for prosjektet.

Aukande problem

Trefall på linjenettet er eit stort og aukande problem her i landet, og den viktigaste årsaka til lengre straumbrot.

– Etter stormen Dagmar i 2011 har kostnadene til skogrydding langs linjenettet i Noreg auka og er i dag på 400 millionar kroner. I tillegg kjem kostnader på over 100 millionar kroner til reparasjonar og bøter for ikkje levert kraft, skriv NIBIO.

Med meir ekstremvêr i vente, er det venta at problema kjem til å auka. Meir skog og fleire høge tre er også med på å heva risikoen for at tre fell over kraftlinjene.

Verst på Vestlandet og i Hedmark og Oppland

Utfordringane er særleg store på Vestlandet og i skogfylka Hedmark og Oppland. Det blir peikt på at skogen i desse delane av landet breier om seg, og at skogeigarane eller hogstentreprenørane ofte lèt skogen inn mot kraftgatene stå att når dei feller tømmeret.

– Dette gjer at det til dømes veks til med store tre langs kraftgatene. Når dei fell, kan dei gjera stor skade på anlegga, forklarer Eidsflot.

Nytenking skal styrkja skogen

Eit mål med Kraftskog-prosjektet er å skapa meir stormsterke tre og gjera skogen betre i stand til å stå imot belastninga frå vind og snø. Å byggja opp ein slik skog er ikkje gjort over natta. Det blir mellom anna teke til orde for å behandla skogen på ein annan måte heilt frå ungskogfasen. Men dette må skje langsamt over tid, blir det streka under.

Det blir også føreslege å behandla gammal og høg granskog på ein annan måte enn i dag.

Til saman er det venta at tiltaka i prosjektet kvart år vil gje innsparingar på 100 millionar kroner, heiter det i prosjektbeskrivinga. (©NPK)

Til toppen