Meir tilskot til utbygging av breiband i Gulen - Porten.no
:
Odd Harald Eide seier målet i denne runden med fiberutbygging er å dekke 100%.
Odd Harald Eide seier målet i denne runden med fiberutbygging er å dekke 100%. (Foto: Privat)

Meir tilskot til utbygging av breiband i Gulen

Fylkestinget i Sogn og Fjordane har løyvd meir pengar til utbygging av fiber, men framleis må kommunestyret budsjettere med meir enn planlagt.

Gulen: Fylkestinget i Sogn og Fjordane har løyvd nye 14,2 millionar til utbygging av breiband i fylket skriv Gulen kommune på sine heimesider.
 
– Enkelte har framstilt det som at alle søknadane ville bli dekka. Det er ikkje tilfelle. Det er vel 18 millionar som er den totale summen som var søkt om i Sogn og Fjordane, seier fungerande ordførar i Gulen Odd Harald Eide.
 
For Gulen tyder dette at noko over halve tilskotssummen som var søkt om frå NKOM-ordninga 2019 no er dekt av statlege og fylkeskommunale midlar. Det er 5,5 millionar av 9,4 millionar
 

For å få til utbygging av alle dei omsøkte områda i Gulen ser det ut til at kommunestyret må løyve meir enn det som ligg i budsjetta no, skriv kommunen.

– For å kome i mål må kommunestyret løyve meir enn det som er budsjettert med no. Men me venta på endeleg melding frå fylkeskommunen. Me vil jo prøve å sjå at me får mest mogleg gjort  i denne runden her. Målet er 100 % dekning, seier Eide.  

Det vert denne gongen lagt opp til at fylkeskommunen lyser ut felles anbod for alle utbyggingsområda, truleg i starten av 2020. Utbyggingsprosjekt tek til vanleg opp til to år å gjennomføre.

Det vil framleis mangle litt på full breibandsdekning til alle husstandar i Gulen om heile det omsøkte prosjektet vert gjennomført, men kommunen skriv at dei satsar på at dei får mykje høgfarts breiband for midlane som vert stilte til disposisjon.

 

 

Til toppen