VANSKELEGE FORHOLD: Det er venta vanskelege køyreforhold i fjellet fredag på grunn av stigande temperaturar og mykje vind. Foto: Webkamera/Statens vegvesen.
VANSKELEGE FORHOLD: Det er venta vanskelege køyreforhold i fjellet fredag på grunn av stigande temperaturar og mykje vind. Foto: Webkamera/Statens vegvesen.

Meir uvêr vil skape utfordringar i fjellet

Stigande temperaturar og dårleg vêr har allereie byrja å setja preg på fjellovergangane.

Førebels er alle fjellovergangar mellom aust og vest i området opne som normalt, men på Vikafjellet er det innført kolonnekøyring.

Slik kan det også bli på fleire av fjellovergangane utover dagen. Det melder Meteorologisk institutt.

Fredag er det venta vanskelege forhold i fjellet på grunn av kraftig vind, snø og snøfokk. Dessutan kjem temperaturane til å stige utover dagen, og ein kan vente regn og sludd under 800-1000 meter. 

Det er også verdt å merke seg at fylkesveg 53 kjem til å bli stengd i to timar på grunn av oppryddingsarbeid etter klokka 10.00. Dette gjeld på Tyinosen.

Porten.no oppdaterer deg på trafikken i Indre Sogn utover dagen. Artikkelen vert oppdatert.

Slik er forholda på vegane

E16 Filefjell: Snø- og isdekke. Klokka 05:45 var det -16 grader, flau vind og oppholdsvêr.

Rv. 52 Hemsedalsfjellet: Snø- og isdekke. Klokka 05:30 var det -16 grader, flau vind og oppholdsvêr.

Fv. 50 Hol-Aurland: Snø- og isdekke og stadvis redusert sikt. Klokka 05:45 var det -5 grader, frisk bris og lette snøbyger.

Fv. 53 Tyin-Årdal: Snø- og isdekke. Klokka 05:20 var det -2 grader, svak vind og oppholdsvêr. Vegen kan bli stengt i to timar på grunn av oppryddingsarbeid. Dette gjeld mellom 10.00 og 15.00.

Til toppen