VINNARANE: El-bileigarane er vinnarane når det kjem til avgifter. Dei betaler korkje drivstoffavgifter eller eingongsavgift i samband med innkjøp av bil. Dette er ein av grunnane til at staten no får inn mindre pengar i bilavgifter enn dei nyttar på vegar. Foto: arkiv.

Meir veg og mindre avgift

Dei siste åra har offentlege utgifter til vegar auka og bilavgiftene minka. Vinnarane er elbil-eigarane.

NPK: – Dei siste to åra har utgiftene til veg vore høgare enn inntektene frå skattlegginga av motorkøyretøya. Tilbake i 2006 tok derimot staten nesten inn dobbelt så mykje i skattlegging som dei brukte på veg, seier seniorrådgjevar Bjørn Gran-Henriksen i Statistisk sentralbyrå (SSB).

I 2016 fekk staten inn 60 milliardar kroner frå skattar på bilar og andre køyretøy. Eingongsavgifta er den største inntektskjelda, deretter følgjer bensin- og dieselavgift. Elbilar betalar ingen av desse og dermed minkar begge inntektskjeldene.

Same året brukte staten over 70 milliardar på vegtransport, altså 10 milliardar meir enn inntektene. Delen av utgiftene til staten som går til veg, har auka kvart år sidan 2003 og er no 4,5 prosent.

Gran-Henriksen understrekar at vegutgiftene ikkje berre går til å auke kapasiteten, betre standarden og auke trafikksikkerheita for bilistane. Fotgjengarar og syklistar nyt fordelane av betre gang- og sykkelvegar, mens busspassasjerane har fått fleire avgangar å velje i.

Til toppen