MEIR NEDBØR: Torsdag vil det kome mykje nedbør lokalt, noko som kan føre til flaum. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes. 
MEIR NEDBØR: Torsdag vil det kome mykje nedbør lokalt, noko som kan føre til flaum. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes. 

Meir vind og nedbør i vente

Onsdag kveld er det venta meir vind og nedbør i Sogn. 

Sogn: Ikkje før restane etter stormen «Karl» hadde lagt seg, er det meir uvêr i vente på Vestlandet.

Onsdag vil vinden auke på etter kvart, og i løpet av natta og gjennom heile torsdag er det venta svært mykje nedbør.

NVE har sendt ut flaumvarsel, og i løpet av torsdag og fram til fredag er det venta mellom 60-80 millimeter med regn. 

Også Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap har tatt kontakt med lokale kraftverk som kan bli råka av uvêret. 

Her oppmodar dei om det kan vere fare for menneske ved eventuelle hendingar med luftlinjenett under ekstreme vindforhold. Dei ber også folk om ikkje røre og halde avstand til ledningar som fell ned, at tre og gjenstandar som fell over ledningar ikkje må rørast, og ikkje minst at kraftselskap må varslast dersom dette skje. 

Til toppen