FOR SAL: – Kven som helst kan ha nytte av dette bygget, seier seljar og pensjonert helsesentereigar, Per Steinar Melås.
FOR SAL: – Kven som helst kan ha nytte av dette bygget, seier seljar og pensjonert helsesentereigar, Per Steinar Melås. (Foto: Arkiv)

Melås-bygget til sals: – Det er eit bra bygg med godt potensial

Det seier eigedomsmeklarfullmektig Erlend Hunshammer Moen. Det gamle helsebygget er til sals og kan bli ditt for 4,5 millionar kroner.

Øvre Årdal: For den nette sum av 4 500 000 kroner kan det tidlegare helsebygget bli ditt. I prospektet står det at bygget inneheld 11 kontor, eitt møterom, kantine, to handicaptoalett og to garderober med vask og resepsjon.

– Eg ser for meg at ein tannlegeklinikk, eit senter for fysioterapi eller butikkar kan flytte inn der. Kven som helst kan ha nytte av dette bygget, sier seljar og pensjonert helsesentereigar, Per Steinar Melås.

Han synest også at Porten.no kunne hatt nye redaksjonslokaler i det 456 kvadratmeter store bygget.

Lita interesse

Melås kan bekrefta at interessa ikkje har vore så stor.

– Eg har snakka med nokre folk, men det har ikkje blitt noko konkret utav det enno, fortel han.

Kva er grunnen til at du no sel bygget?

– Eg selte firmaet mitt i 2016 og pensjonerte meg i 2017, og då har eg ikkje bruk for dette store, flotte huset, sier pensjonisten. 

Det var Ecura som i si tid kjøpte opp verksemda til Melås. De leigde òg lokala i bygget fram til mars i år.

– Dei har eit nytt kontor i Sogndal. Dei kjøpte òg opp Meistring- og læringssenteret i Luster, og då er gjerne Sogndal meir naturleg, seier Melås.

Overbevist om at det blir selt

– Det har vore folk som har sett på det, men me har ikkje fått noko bud enno, seier eigedomsmeklarfullmektig Erlend Hunshammer Moen, og legg til: 

– Det er eit bra næringsbygg med godt potensial.

Marknaden er roleg akkurat no, men han håpar på positiv endring framover. Og sjølv om folk har vore innom, seier han det tek tid å planlegga ei eventuell planløysing og bruk av bygget, men han har god tru på at det blir selt.

– Eg er fullt overbevist om at det blir selt. Det kom ut i april/mai, så litt meir tolmodigheit må me ha, seier han.

Til toppen