ÅTTE ÅR MED HJELP: Per Steinar Melås, stifta Barnehjelp Afrika for åtte år sidan. – Ein må vera mett i magen for at det skal vera kjekt å læra, seier han. Foto: Ina Eirin Eliassen
ÅTTE ÅR MED HJELP: Per Steinar Melås, stifta Barnehjelp Afrika for åtte år sidan. – Ein må vera mett i magen for at det skal vera kjekt å læra, seier han. Foto: Ina Eirin Eliassen

Melås: – Eit viktig bidrag frå Årdal-samfunnet

– Eg er hoppande glad for at Årdal vidaregåande skule vil starte eit hjelpeprosjekt som er heilt og fullt deira, i same område som Barnehjelp Afrika i Sør-Afrika, seier Per Steinar Melås.

– Me har laga til eit fullt opplegg i Eshowe i Sør-Afrika for vinterferien, som Synne Lerum Fredheim og Monica Vigdal, frå Årdal VGS, får vera med på, fortel Melås, som stifta organisasjonen Barnehjelp Afrika i 2007. 

Også ein delegasjon frå Sogndal VGS blir med til Sør-Afrika i vinterferien. Dei har alt gjennomført eit kjempeprosjekt i Eshowe, som også er venskapskommune til Sogndal kommune, fortel Melås. 

Årdal vil ha eige prosjekt 

Geir Kjetil Øvstetun, rektor ved Årdal vidaregåande skule, kontakta Melås, fordi skulen ønskjer å lage til eit konkret tiltak for internasjonalt arbeid for elevane. 

– Operasjon Dagsverk handlar om å samle inn pengar, som blir sett inn på ein konto der ein ikkje ser kva pengane blir brukt til. Årdal VGS vil ha sitt eige prosjekt og eg er glad dei vil forankra det i Eshowe. Der er det nok å ta tak i av behov, seier Melås.

Endrar verdsbiletet

– Ønskjer dei å byggja eit skulebygg, er det fullt mogleg. Då det er viktig å få det ferdig, har eg sagt eg kan vera med å førfinansiera, slik at Årdal VGS betalar attende ettersom dei samlar inn pengar, seier Melås. 

Han legg vekt på at det er Årdal VGS sitt prosjekt, og at han ikkje vil leggje føringar for kva prosjekt elevane skal starte. 

– Kva trur du eit slikt prosjekt vil gje Årdal VGS?

– Det er ei kostbar reise, som dei vil ha mykje att for. Gjennom prosjektet vil dei knyta venskap og kontaktar ein kan ha bruk for også seinare i livet. Eit slikt hjelpeprosjekt gjer noko med både haldningar og fordommar, gjennom auka toleranse og forståing. Verda ser annleis ut etter ein slik tur.  På sett og vis vil eg seie hjelpearbeid er fredsarbeid, fortel Melås. 

 

 

 

Til toppen