Sogndal: Politiet kom over mannen i sentrum i Sogndal, skriv dei på sin Twitter-konto.
Det har vore ei travel natt for politiet i Sogndal. I samband med skulestart er det mange som er ute på fest.
Klokka 00.52 vart tre ungdommar melde for å drikking på offentleg stad. Dei tre sat då i sentrum og drakk.
Eit par minutt seinare blei to overstadig berusa tenåringar henta av foreldra sine.
Til slutt klokka 01.24 blei ein berusa mann i slutten av tenåra køyrt heim av politiet.