DELE: Ved å dele observasjonar av dyrespor i påskefjellet kan hjelpe til med å kartlegge rovdyr. Illustrasjonsfoto: Lise Åserud / Scanpix / NPK
DELE: Ved å dele observasjonar av dyrespor i påskefjellet kan hjelpe til med å kartlegge rovdyr. Illustrasjonsfoto: Lise Åserud / Scanpix / NPK

– Meld frå om rovdyrspor i påskefjellet

Ved hjelp av ein mobil-app kan du enkelt dele observasjonar av rovdyrspor i påskefjellet, og slik bidra til kartlegging.

Melding om rovdyr, spor og innlevering av hår- og skitprøver er ein viktig del av overvakinga av dei store rovdyra i Noreg, melder Rovdata på sine nettsider.

– Dersom du ser gaupe, jerv, brunbjørn eller ulv på påsketuren din, eller spor etter artane, så del gjerne observasjonen din i det felles skandinaviske rapportsystemet Skandobs, seier Jonas Kindberg, som er leiar i Rovdata. 

Les også: Rovdyraksjonar over heile landet

Ta kontakt

Du kan også ringe til nærmaste rovviltkontakt i Statens naturoppsyn (SNO).

– Vi bruker informasjonen til å kartleggje og overvake bestanden i Noreg, forklarer Kindberg. 

Dersom du er usikker på kva type spor du har sett så kan du studere rovdyrspor på nettsidene til Rovdata.

Legg inn bilete og informasjon

Alle data om observasjonar som kjem inn gjennom applikasjonen vert vurdert, og særskilt viktig informasjon blir følgt opp i felt av SNO.

Du kan legge inn både bilete, informasjon og plassering for kvar du har sett dei. Dersom ein tek bilete av dyrespor så hugs å få med noko på biletet som syner størrelsen på sporet – til dømes ei fyrstikkeske, skriv Rovdata.

Det er viktig å melde frå fort, slik at nærmaste feltpersonell får beskjed om observasjonen.

Til toppen