MANGLAR: Også i fredagens kontroll på Håbakken avdekka Statens vegvesen fleire manglar på større køyretøy. Foto: Ina Eirin Eliassen.
MANGLAR: Også i fredagens kontroll på Håbakken avdekka Statens vegvesen fleire manglar på større køyretøy. Foto: Ina Eirin Eliassen.

Meld til politiet for alvorleg brot på køyre- og kviletida

Også i fredagens kontroll på Håbakken avdekka Statens vegvesen fleire manglar på større køyretøy.

Lærdal: Totalt åtte av dei kontrollerte køyretøya i tungtransportkontrollen hadde manglar. Sju av desse fekk bruksforbod.

Mest alvorleg var det for to førarar i same bil som begge vart melde til politiet for alvorleg brot på køyre- og kviletida. 

For dei resterande sju hadde to av desse overlast, éin hadde ikkje underkøyringshinder bak, éin hadde feil på bremsesystemet, medan sistemann hadde så står slitasje mellom trekkbil og semitralle at det vart ilag køyreforbod.

Til toppen