BRUKSFORBOD: Ni sjåførar fekk bruksforbod og 12 måtte gjera utbetringar då Vegvesenet kontrollerte 39 tyngre køyretøy på kontrollstasjonen på Håbakken tysdag. Arkivfoto
BRUKSFORBOD: Ni sjåførar fekk bruksforbod og 12 måtte gjera utbetringar då Vegvesenet kontrollerte 39 tyngre køyretøy på kontrollstasjonen på Håbakken tysdag. Arkivfoto

Melde sjåfør til politiet for manglande yrkessjåførkompetanse

Over halvparten av køyretøya Vegvesenet stoppa i ein kontroll på Håbakken fekk bruksforbod eller måtte utbetra manglar.

Lærdal: Brot på køyre- og kviletid, ikkje tilfredsstillande lastsikring, løyve eller sikt, overlast og ein sjåfør med manglande yrkessjåførkompetanse.

Lista over tilhøve som gjorde at sjåførar av tungtransport anten fekk bruksforbod eller måtte gjera tiltak var lang då Vegvesenet heldt kontroll på Håbakken tysdag – ni av dei kontrollerte fekk bruksforbod og det vart avdekt tolv manglar som måtte utbetrast.

Mangla påkrevd kurs

Det vil seia at det var noko å setja fingeren på i høve over halvparten av dei 39 kontrollerte køyretøya.

– Føraren som vart meld til politiet for manglande yrkessjåførkompetanse mangla eit 35-timarskurs som yrkessjåførar må ta kvart femte år. For denne sjåføren sitt vedkomande gjekk fristen for å fornya kurset ut i 2014, seier inspektør Frode Hålien i Statens Vegvesen.

– Kva tenkjer de om at så mange større køyretøy er ute på vegane utan å vera i tilfredsstillande stand?

– Det var ein vanleg dag på jobben, eigentleg. Bruksforbod kan vera vekt, at ein bommar på akslingen i høve lastinga eller manglande dokument.

– Så ni bruksforbod er ganske på snittet for ein kontroll?

– Det er veldig vanskeleg å seia. Nokre dagar er nesten alt i orden, andre dagar har me to-tre politimeldingar og ein haug med bruksforbod. Så det varierer.

Til toppen