NEDBØR: Meteorologisk institutt la søndag ettermiddag ut OBS-varsel for Sogn og Fjordane og Hordaland.
NEDBØR: Meteorologisk institutt la søndag ettermiddag ut OBS-varsel for Sogn og Fjordane og Hordaland.

Melder om kraftig regnvêr i Sogn

Meteorologisk institutt legg ut OBS-varsel for Sogn og Fjordane og Hordaland for mandag. Det kan verte opptil 30-50 mm nedbør i løpet av mandagen, ifølgje instituttet. 

Meteorologisk institutt la søndag ettermiddag ut OBS-varsel for Sogn og Fjordane og Hordaland.

Fra natt til mandag vert det truleg mykje nedbør i indre strøk - lokalt kan det komme så mykje som 30-50 mm i løpet av mandagen, melder instituttet.

Statsmeteorolog for Vêrvarslinga for Vestlandet, Anne-Mette Olsen, fortel NRK Sogn og Fjordane at denne mengda nedbør kan vere betydeleg for indre delar av Sogn og Fjordane og Hordaland.

–  Det ser ut til å komme på stadar der ein kanskje ikkje er så vande til at det regnar så mykje, som i Lærdal, Årdal, Øvre Årdal og Årdalstangen, seier Olsen.

Auka fare for jordskred

NVE held fram sitt flomvarsel på oransje nivå for Sogn og Fjordane og viderefører dette til mandag. Tirsdag er imidlertid flomvarselet satt ned til gult nivå – nivå to.

I tillegg har NVE heva rasfaren i seks fylke mandag etter at fleire bygg vart tekne av eit jordskred i Sogn søndag. 

 

Til toppen