Lærdal: – Me køyrde opp alle løyper i går, det meste med preppemaskin og noko med skuter. Og alle løyper er stikka, seier Thomas Hjermann, styreleiar i Filefjell Eiendomsutvikling AS.
Dei har ansvaret for skiløypene mellom Gramstølen og Brusestølen, og løypenettet vidare austover og innover fjellet.
Sjå kart over alle løypene med oppdatering som syner når løypene sist er køyrt opp her
– Perfekte tilhøve

– Det er kjempefint for bygdefolk å gå frå Gramstølen til Brusestølen eller omvendt – ei kupert og artig løype. No kan det kanskje bli utfordringar med parkeringsplass i helga på Gramstølen ettersom det er vinterferie i Bergen komande veke, men på Brusestølen går det vanlegvis greitt å parkera, seier Hjermann.
Lengre opp mot snaufjellet er det mange avblese områder, mellom anna hadde dei ikkje nok snø til å få arrangert barneskirenn på Buhaugane.
– Men her nedi er det perfekte tilhøve med ein til to centimeter nysnø oppå solen; perfekt styresnø, seier Hjermann
Han melder vidare om at dei ikkje får køyrt preppemaskina att før måndag ettersom den er til reperasjon etter at det vart skader på beltet.